Pasta med sjampinjong og spinat

Pasta med sjampinjong og spinat blei til etter å ha sett instastoryen til Deliciously Ella her ein kveld. Det var tett før eg laga pasta klokka halv elleve ein kveld. Så godt såg det ut! Enkle og ukompliserte rettar som er laga i ei fei er alltid ein vinnar hjå meg. Denne er nydeleg på smak, sunn og god. Lag den og sjå du og!

pasta med sjampinjong og spinat

Pasta med sjampinjong og spinat

Ella laga den med erter, men sidan eg hadde spinat tilgjengeleg tok eg meg friheita til å bruke det i staden. Og det blei knallgodt! Har du anna type sopp kan du bruke det i staden, både aromasopp og sjampinjong har fått vere med i seinare versjonar. Enkel, god og sunn middag på 1-2-3. Og så er den vegetar i tillegg då, om det var noko du og hadde som mål å ete meir av dette året;)

pasta med sjampinjong og spinatnydeleg pasta frå deliciously ella

Fekk du lyst på andre pastarettar? Pasta med pesto, bacon og avokado kan absolutt anbefalast! Den finn du her.

Oppskrift på Pasta med sjampinjong og spinat

4 porsjonar / Tid: 20 min

  • 400 g pasta
  • 4-5 sjampinjong
  • 2-3 sjalottløk
  • (1 pk) ca 65 g spinatblad
  • 2 ss olivenolje til steiking
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 ss balsamicoeddik
  • 0,5-1 dl god olivenolje
  • Saft frå 1/2 sitron
  • Salt og pepar
  1. Kok pasta.

  2. Del sjampinjong i skiver og steik gylne i olivenoljen.

  3. Del sjalottløk i terningar og finhakk kvitløk. La løken surre med soppen til den blir blank, tilset så kvitløk og spinat. Steik vidare under omrøring til spinaten fell saman.

  4. Trekk panna vekk frå varmen og rør inn balsamicoeddik, sitronsaft, salt og pepar. Og så litt ekstra salt på toppen.

  5. Hell av kokevatnet på pastaen, rør inn olivenolje og bland saman med resten. Nyt!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.