Strull
Strull er kanskje mindre kjent enn den liknande krumkaka, men kva for ein type som er best er vanskeleg å bestemme. Strull blir laga med kremfløyte, seterrømme eller creme fraiche og har ikkje egg i seg slik krumkaka har. Om du likar best kremfløyte eller rømme får bli opp til deg å bestemme, eg brukar helst ei blanding slik du finn i oppskrifta under.
Strull
Strullen blir endå sprøare enn krumkaka, og du må jobbe like kjapt eller kjappare når den skal formast. Kaka stivnar raskt etter at den kjem ut frå jarnet og må rullast rundt skaftet på ei tresleiv medan den er rykande varm. Her blir det brende fingertuppar og småhopping på kjøkkenet for å forme dei så fint som mogleg.
Heldigvis går det raskt å steike så tynne kaker, så det blir lite venting. Når kakene er heilt avkjølte oppbevarer du dei i tett boks. Servert med krem og multer, eller som ein liten julesnack til ettermiddagskaffien.
Oppskrift på Strull
- 2 dl kremfløyte
- 1 dl seterrømme/creme fraiche
- 100 g sukker
- 100 g kveitemjøl
- 0,5 dl kaldt vatn
Visp kremfløyte, seterrømme og sukker til stiv krem.
Vend inn sikta mjøl og kaldt vatn.
La røra svelle i 30 min.
Steik flate kaker i eit krumkakejarn og rull dei rundt handtaket på ei tresleiv. Her må du jobbe kjapt og vere førebudd på å bli brend på fingarne. Kakene stivnar veldig raskt, og då er det uråd å forme dei noko.
Avkjøl kakene heilt og oppbevar i tett kakeboks.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.