Glutenfritt hasselnøttbrød

Glutenfritt hasselnøttbrød er laga heilt utan mjøl og er dermed naturleg glutenfritt. Det er loppefrøskalla/fiberhusk som er med å binde brødet saman, så dette er ein viktig ingrediens å få med. Brødet mettar godt og gir deg alt deg gode frå nøtter, frø og kjerner. Min favoritt er med kremost på.

hasselnøttbrød

Glutenfritt hasselnøttbrød

Er det nokre nøtter du ikkje toler eller ikkje likar så godt så kan du sjølvsagt bytte ut dei. Du kan anten erstatte det med andre nøtter eller med solsikkekjerner eller graskarkjerner. Litt jordaktige krydder som timian eller rosmarin er også godt å tilsetje i om du vil ha litt meir smak. Moglegheitene er mange!

Her finn du ein annan versjon med tørka aprikos i seg.

Glutenfritt hasselnøttbrød

Oppskrift på Glutenfritt hasselnøttbrød

1 brød / 6-8 porsjon / Tid: 2,5 t

  • 60 g hasselnøtter
  • 150 g havregryn
  • 140 g solsikkekjerner
  • 100 g linfrø
  • 2 ss chiafrø
  • 2 ss loppefrøskall/fiberhusk
  • 1 ts salt
  • 1 ss lønnesirup
  • 3 ss kokosolje
  • 3,5 dl vatn
  1. Rør alt saman til ei jamn deig.

  2. La røra svelle i 2 minutt og ha den så over i bakepapirkledd brødform.

  3. Dekk til brødforma og la brødet stå på benken i 15-20 minutt.

  4. Steik brødet nederst i omnen på 170 grader. Steik i 30 minutt, løft så brødet ut av forma og steik vidare i 25-30 minutt.

  5. Avkjøl brødet på rist i minst 30 minutt før du deler det. Brødet er fint å fryse i skriver, og så varme opp i brødristar.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.