Oksehalegryte med tomat
Oksehalegryte med tomat er mat som tek lang tid å lage, men som er vel verdt ventinga. Kjem du over oksehalar i butikken er det berre å fylle handlekorga og gle seg til deilig gryte. Oksehalekraft blir rekna som ei av dei mest smakfulle kjøtkraftene, og gir mange gode supper i tillegg til gryta.
Ved å nytte halen viser du at du vil bruke heile dyret, den såkalla nose-to-tail måten å ete på. Der minst mogleg av dyret skal gå til spele når ein først skal slakte det. Måten ein gjorde det på før i tida, og måten det blir meir og meir populært å gjere det på no.
Oksehalegryte med tomat
Men uansett om du vil statuere eit eksempel eller berre ha god gryte er oksehalgryte tingen. Brun beina, fyll på med vatn og grønsaker og kok kraft til kjøtet fell frå beinet. Dette kan du fint gjere ein dag, og så ta resten av oppskrifta dagen etter. På den måten kan du få oksehalegryte på ein heilt vanleg kvardag.
Bruk ikkje all krafta i gryta, men frys den ned i små glas (tomatpuré-, pesto- eller majonesglas er fine). Då kan du enkelt lage verdas beste suppe med nokre grønsaker i lag med krafta. Blomkålsuppa smakar mykje meir, vitamin og mineralnivået blir høgare og du held deg kanskje friskare?
Kraft er reine vidundermedisinen. Og det treng vi no når haustmørket kjem.
Oppskrift på Oksehalegryte med tomat
Del 1
- ca 1,5 kg oksehalar
- 1 ss smør
- 1 løk
- 1/4 sellerirot
- 1 purreløk (det grøne)
- 3 gulrøtter
- 1 laurbærblad
- 1 ts eplecidereddik
Del 2
- 3 sjalottløk
- 2 fedd kvitløk
- 1 ss smør
- 2 stilkar selleri
- 4 gulrøtter
- 1/2 sellerirot
- 400 g hakka tomat på boks
- 1 ss tomatpuré
- 1 dl rødvin
- 1-1,5 l kraft
- 1 ss worchestershiresaus
- salt og pepar
- 2 ss maizenna
- 1 dl kaldt vatn
Brun oksehalane på begge sider i ei stor gryte. Hell over vatn til alt er dekka. Ha i løk, sellerirot, purre og gulrøtter delt i grove bitar og kok opp. Legg i laurbærbladet og tilset eplecidereddiken. La småkoke under lokk til kjøtet losnar frå beinet, minst 3-4 timar. Skum av undervegs for å få ei klar kraft.
Plukk ut oksehalebitane frå gryta og la dei avkjøle nok til at du klarer å få laust kjøtet. Dette er enklast når oksehalane framleis er varme, så ikkje la dei bli kalde først. Sil av 1 liter kraft og set til side for å bruke i gryta. Sil og frys ned resten av krafta til gode supper seinare.
Finhakk sjalottløk og kvitløk. Del gulrot, selleri og sellerirot i terningar.
Fres løken i smøret til den er blank. Ha i kvitløk, gulrot, selleri og sellerirot og la frese med.
Ha i tomatpuréen og fres vidare 1-2 minutt. Ha i oksehalekjøtet.
Hell over krafta og rør inn dei hakka tomatane. Kok opp og la småkoke til grønsakene er møre, ca 15 minutt.
Rør ut maizenna i det kalde vatnet og hell i gryta. La gryta få eit oppkok.
Smak til med worchestershiresaus, salt og pepar og servér med potetmos.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.