Reklame

Risgraut

Risgraut høyrer ofte til laurdagslunsjen til her i heimen. Resultatet er glade born og dermed glade foreldre. Dei vil helst ha sukker, kanel og eit smørauge på. Vi vaksne vil helst ha litt rosiner i tillegg og spekemat på kanten. Med raud saft til kan det vel ikkje bli meir tradisjonelt? Perfekt!

Risgraut

risgraut

Oppskrift på Risgraut

4 porsjonar / Tid: 40 min

  • 3 dl Helios grautris
  • 18 dl H-mjølk
  • 1 klype salt
  • Helios kanel
  • Helios rårørsukker
  • Smør
  1. Kok opp mjølka under omrøring. Bruk helst ei gryte med tjukk botn, så er det lettare at det ikkje brenn seg.

  2. Ha i grautrisen og saltet og rør om. La grauten småkoke i ca 20 minutt, rør om av og til.

  3. Smak at grautkorna er mjuke å tygge, då er grauten klar.

  4. Servér grauten med det same med sukker, kanel og smørauge.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.