Fiskegrateng med potetmos
Fiskegrateng med potetmos er familievenleg mat som både små og store likar. I denne versjonen er det reker, men det kan du hoppe over om det finnast skeptikarar. Eller så deler du det i to former og tilbyr med og utan reker. Det er verdt den ekstra forma med oppvask, både for smaken si skuld og for fred rundt middagsbordet;)
Dette er kanskje ikkje middagen du skal starte med når du kjem heim og treng middagen klar på ti minutt. Her trengst det litt ekstra tid, men det er det verdt! Har du dårleg tid kan du fint lage klart gratengen kvelden før og oppbevare den i kjøleskap til dagen etter. Då er det berre å setje gratengen i omnen og gle seg medan den steiker seg. Eller kanskje er det nokon som kjem heim litt før dei andre som kan gjere dette?
Fiskegrateng med potetmos
Gratengen har torsk i tillegg til reker i seg, men her kan du velje den fiskesorten du likar best. Eller den fisken du fekk på fisketur. Fiskegrateng er supert sånn, det er fint å bruke opp restar eller bytte slik du likar best. Det blir uansett godt. Og så er det super mat å lage dobbel porsjon av. Sleng eine forma i frysaren i staden for i omnen og nyt enkel middag om nokre veker.
Oppskrift på Fiskegrateng med potetmos
- 400 g steikt/kokt torsk (eller anna fisk)
- 200 g reker (utan lake)
- 1/2 purre
- 100 g bacon
- 150 g erter
Kvit saus
- 2 ss smør
- 2 ss mjøl/glutenfritt mjøl
- 5 dl mjølk
- 1/8 ts muskat
- 3 egg
Potetmos
- 800 g potet
- 1 ss smør
- ca 3 dl mjølk
Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
Skrell og del potetene i terningar. Ha terningane i ei kasserolle og kok opp. La småkoke i 10-15 minutt til potetene er møre. Hell av kokevatnet og ha så i smør. Mos godt. Spe med mjølk til du får passe konsistens på potetmosen. Dersom potetmosen er for fast er det vanskeleg å fordele den over gratengen.
Smelt smør i ei kasserolle og rør inn mjølet. Spe med mjølka litt og litt. Pass på at du rører kraftig mellom kvar gong, slik at du unngår å få klumpar i sausen. Krydre med muskat og la sausen småkoke i 5 minutt. Trekk kasserolla til side og la den kjøle seg ned eit minutt eller to. Rør inn egga, eitt i gongen.
Del purre i halve ringar og legg fordel i ei eldfast form saman med torsk og reker. Hell over sausen, og løft litt forsiktig på det som ligg under slik at sausen kjem til over alt. Fordel potetmosen på toppen.
Steik fiskegratengen midt i omnen i ca 40 minutt, til den er gyllen på toppen.
Kok opp ei lita kasserolle med vatn og la ertene trekke nokre få minutt før servering.
Sprøsteik bacon i terningar. Smelt litt ekstra smør og server i lag.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.