Omnsbakte beter
Omnsbakte beter er ein nydeleg måte å bruke haustens rotgrønsaker på. Betene blir nemleg søte og nydelege på smak når dei blir bakte i omnen. Dei kan nytast åleine som eit lite måltid eller med smuldra ost på toppen. Fetaost eller blåmuggost er nydeleg saman med det søte. I tillegg er dette nydeleg tilhøyr til rettar med fisk, fugl eller kjøt.
Omnsbakte beter
Rødbetene gir frå seg mykje farge når du skrellar dei, så enkelte likar å bruke hanskar. Om du ikkje er så nøyen på det funkar det fint å vaske seg godt etterpå. Litt raudeskjær på fingertuppane går fint.
Oppskrift på Omnsbakte beter
- 3-4 beter
- 2 sjalottløk
- 1 fedd kvitløk
- 2-3 ss god olivenolje
- 1-2 ss balsamicoeddik
- Salt og pepar
- Timian
Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
Skrell betane og del dei i båtar.
Skrell sjalottløkane, behald stilkfestet nederst og del i båtar.
Finhakk kvitløk.
Legg beter, sjalottløk og kvitløk i ei lita eldfast form. Ringle over olivenolje og balsamicoeddik. Krydre med salt, pepar og timian.
Dekk forma med lokk eller aluminiumsfolie og steik midt i omnen i 45 minutt.
Strø frisk timian over og servér med det same.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.