Reklame
BBQ-saus
BBQ-saus er kjapt å røre saman, og så treng det berre å stå å putre litt for seg sjølv før den er ferdig. Har du ikkje ein heil time til rådigheit kokar du så lenge du kan. Men dette er perfekt å førebu lenge før du treng det og så oppbevare på eit glas i kjøleskapet.
Sidan sausen skal kjørast glatt heilt til slutt er det ikkje så nøye korleis bitane ser ut som du har i, du kan gjerne få hjelp av små hender til kuttinga.
Glaset med tomat passata må du ikkje kaste etter at det er tømt, det er perfekt til å oppbevare BBQ-sausen på. Eller til å oppbevare vasskefir på om du har byrja å brygge det. Om du legg glaset i ei gryte eller ein balje med vatn over natta losnar merkelappen lett som ein plett.
Oppskrift på BBQ-saus
- 1 løk
- 3 fedd kvitløk
- 1 raud chili
- 1 ss nøytral olje (solsikke)
- 1/2 ts røykt paprikakrydder
- 1/2 ts salt
- 1 ts pepar
- 5 dl Helios tomat passata
- 2 dl Helios kokosblomstsukker
- 3 ss Helios eplecidereddik
- 4-5 ss worchestershiresaus
Finhakk løk, kvitløk og chili.
Surr løken i nøytral olje til den er blank.
Ha i kvitløk og chili og alt krydderet.
Hell over tomat passata, eplecidereddik og worchestershiresaus.
Ha i sukkeret og rør godt.
Kok opp og la småkoke utan lokk i 1 time.
Kjør glatt med ein stavmiksar eller i ein blender.
Avkjøl, fyll over på glass og oppbevar i kjøleskap. Ta fram og pensle det du skal grille før og under grilling og nyt.
Dette blogginnlegget er reklame for Helios
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.