
Dei mest populære oppskriftene frå mai
Statistikken frå månaden som har gått er klar, og dei nye oppskriftene frå april og mai som fall mest i smak er lista opp under. I tillegg er det nokre gamle favorittar som har klatra høgt på lista. Mai er ein kakemånad, og det viser også igjen på tala. Bloggen var mest besøkt 15. og 16. mai, naturleg nok dagane før den store feiringa. I tillegg til kaker var oppskriftene som passa til frukost og lunsj populære.
Klikk på bileta for å kome til oppskriftene.
Dei mest populære oppskriftene frå mai
Gamle favorittar
Dei oppskriftene som blei mest søkt opp frå arkivet var desse her. Klikk på bileta for å kome til oppskriftene.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.