Heimelaga potetsalat

Heimelaga potetsalat

 

Til ei middels stor skål treng du:

  • 10-12 poteter
  • 1 beger rømme
  • 1 pk majones
  • 2-3 vårløk
  • 3-4 skiver sylteagurk
  • litt sitronsaft
  • salt og peppar
  • 3-4 ss cultura (el anna surmjølk)/ kan sløyfast

Slik gjer du:

  1. Skrell potetene og kok dei i lettsalta vatn til dei er møre.
  2. Hell av vatnet og la dei dampe seg tørre i panna eit minutt eller to.
  3. Avkjøl før du deler dei i terningar.
  4. Bland inn cultura.
  5. Hakk sylteagurk og vårløk, bland med rømme og majones.
  6. Smak til med salt, peppar og sitronsaft.
  7. Vend tilslutt inn potetene og ha over i serveringskål.
  8. La salaten stå å godgjere seg nokre timar før servering.

Velbekomme:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.