Ramsløkpuré og ramsløkpesto
Ramsløkpuré eller ramsløkpesto er nydeleg over salat, pizza og pasta. Og alt mogleg anna. Ramsløk gir ein nydeleg smak til det meste og blir ofte kalla «vill kvitløk». Blada luktar og smakar nemleg som det. Dersom ein synest at kvitløk gir for dominerande smak kan ein bruke ramsløk i staden, som er litt mildare.
Ramsløk plukkar du i mai-juni, i lauvskogen på steinar og berg. Blada veks i store klynger og om du går deg på eit ramsløkfelt kan du faktisk kjenne lukta før du får auge på blada! Det luktar løk, vårløk, kvitløk eller grasløk. Alt etter kven du spør. Eg fann faktisk eit felt med ramsløk ved å stoppe bilen og gå ut og lukte. Og der, bratt ned mot sjøen, innimellom bjørkeskogen, i steinura var det ramsløk.
Ramløk liknar på liljekonvall, men må ikkje forvekslast då liljekonvallen er giftig. Er du i tvil har du mest sannsynleg ikkje funne ramsløk. Lukta vil gjere deg heilt sikker på at det er ramsløk. Du treng verken rive bladet i to eller gni det mellom henda slik eg har lest fleire stader. Det luktar løk lenge før du rekk å tenkje på det. Det er faktisk slik at bilen luktar løk etter kjøreturen heim med ramsløk i bagasjerommet..
Ramsløk har blitt veldig populær dei siste åra, og med det same du har fått smaken på det tippar eg du deler vidare til dei rundt deg. Slik at det blir endå meir populært. Nokre anbefalte difor å ta med ei lita rot heim, og dyrke ramsløk i hagen for å avlaste ramsløkfelta litt. Kanskje noko å tenkje på om det er mange som plukkar på same staden? Ein god skikk er uansett å plukke berre det du treng, så deler me på goda.
Ramsløkpuré og ramsløkpesto
Eg lagar først ramsløkpuré av blada eg har plukka og har dette ståande klart i kjøleskapet. Så lagar eg ramsløkpesto når det trengst, ved å tilsetje nøtter/kjerner og litt ost. Ved å fylle ramsløkpuréglaset godt med olivenoljen på toppen held puréen seg lenger enn lengst, og vi kan nyte ramsløksmaken langt utover sommaren. I tillegg legg eg ramsløkblad i ein brødpose i frysaren, så har vi ramsløk når vi måtte ønskje i løpet av året.
Då håpar eg du fekk lyst til å gå ut og plukke ramsløk og lage digg puré og pesto!
Oppskrift på Ramsløkpuré og ramsløkpesto
Ramsløkpurè
- 200 g ramsløk
- 0,5-1 ss himalayasalt
- 2-3 dl god olivenolje
Ramsløkpesto
- 1-2 dl pinjekjerner/valnøtter
- 25-50 g parmesan
Ha ramsløk og salt i ei kjøkkenmaskin med knivar.
Kjør til alt er godt opphakka.
Spe med olivenolje til passe konsistens.
Hell over på reint glas, topp med litt olje (for å forsegle og gi lenger haldbarheit) og set på lokk.
Oppbevar i kjøleskap og nyt på på toppen av eller i det meste du lagar.
Ramsløkpesto: ta litt av ramsløkpuréen og tilset pinjekjerner/valnøtter/cahewnøtter og parmesan/anna fast ost. Kjør saman i matmølla igjen, og spe med olivenolje til passe konsistens. Du kan bruke ei blanding av ingrediensar, eller berre ein av dei. Eller du kan sløyfe det du ikkje har.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.