Digge kjøttbollar med potetmos

Digge kjøttbollar med potetmos er ein super middag å servere ein dag etter jobb og vanlege plikter. Middagen er på bordet på 30 min, kanskje endå raskare når du verkeleg får det i fingrane, og smakar nydeleg. Den hemmelege ingrediensa for å ekstra god smak på kjøttbollane og sausen er Worchestershiresaus. Smak på flaske altså!

digge kjøttbollar med potetmos
I tillegg til ekstra smak frå denne gjæra eddiksausen er det løk blanda inn i kjøttdeiga, og kavring/brødrasp som gir ekstra god konsistens på dei ferdige kjøttbollane. Har du ei matmølle som meg kan du berre hive alt til kjøttbollane i maskina, og la den gå til alt er ei jamn masse. Er du var for bitar av løk og persille kan du ha det i først, og la det blir aldeles finhakka før du har i kjøttdeiga og resten av ingrediensane.

kjøttboller i brun sausKjøttbollane er supre å fryse. Om du får nokre til overs, eller du vel å lage dobbel porsjon, pakkar du dei berre tett og legg dei i fryseboksen. Du kan fryse dei både med og utan saus, men min favoritt er utan saus. Då kan eg enkelt røre saman ein brun saus og legge dei frosne kakene rett i sausen. Medan dei blir gjennomvarme lagar eg tilbehøret, og vips er middagen klar.

verdens beste kjøttboller

Tips for endå meir smak på den brune sausen! Tilset litt (vel dine favorittar):

  • Brunost
  • Einebær
  • Raud gele/syltetøy
  • Ingefær
  • Muskat
  • Kvitløkspulver

 

svenske kjøttboller
kjøttbollar pinterest

Oppskrift på Digge kjøttbollar med potetmos

4 porsjonar / Tid: 30 min

Kjøttbollar

  • 500 g kjøttdeig
  • 3 ss kavring/brødrasp
  • 1 løk
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts pepar
  • 1 egg
  • 1 dl frisk persille + ekstra til servering.
  • 1 ss Worchestershiresaus
  • 2 ss smør/ghee til steiking

Brun saus

  • 2 ss smør
  • 2 ss mjøl (glutenfritt om det trengst)
  • ca 5 dl vatn (eller vatn + kraft/buljong)
  • 1 ts Worchestershiresaus
  • 1/2 ts salt

Potetmos

  • ca 10 poteter
  • 1-2 ss smør
  • 2-3 dl mjølk
  • 1 klype salt
  1. Bland saman alt til kjøttbollane, eg brukar helst ei matmølle (foodprosessor) med S-knivar, og kjører alt saman til det er ei jamn masse.

  2. Form kjøttbollar ved hjelp av ei spiseskei, og steik dei på middels-høg varme til dei er godt bruna på alle sider. Legg dei så til side på ein tallerken, slik at du kan bruke steikepanna til å lage brun saus.

  3. Skrell potetene og del dei i fire, ha dei i ei lita kasserolle og fyll på med vatn til alt er dekka. Kok opp og la småkoke til potetene er møre, ca 10 min.

  4. Smelt smør i steikepanna og rør inn mjølet. Spe med litt og litt av vatn/kraft, og rør godt mellom kvar gong, slik at du unngår klumpar. Kok opp sausen, og smak så til med Worchestershiresaus, salt og pepar. Legg kjøttbollane i sausen, og la dei trekke til potetmosen er klar og middagen kan serverast.

  5. Gjer klar potetmosen ved å helle av vatnet og så la potetene dampe av seg litt væske i den varme panna (1 minutt er nok). Ha i smør og mos godt. Rør inn melka litt etter litt, til du har passe konsistens på mosen. Ha i saltet til slutt, og servér.

  6. Servér kjøttbollar og potetmos med ei raus mengde frisk persille på toppen, og gjerne tyttebærsylte.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.