Kyllingsuppe med nudlar
Kyllingsuppe med nudlar er ei av dei raskaste suppene å lage. Nyttar du i tillegg ferdigsteikt kyllingkjøt er det berre risnudlane som treng litt tid, og her snakkar vi typ fem minutt, før middagen kan stå på bordet. Finn noko som kan hjelpe deg å dele opp grønsakene, så er jobben gjort!
I denne suppa kan du like gjerne nytte hønsekjøtt som kyllingkjøtt. Eg frys ofte ned ferdigkokt hønsekjøtt delt i terningar, og så legg eg berre posen i kjøleskapet før eg fær på jobb. Vel heime varmar eg krafta, legg risnudlane og kjøtet i og kuttar grønsaker i ei fart. Grønsakene går i gryta i det bordet blir dekka og vips er middagen klar!
Skal du server denne suppa til både små og store kan det vere smart å halde litt igjen på mengden chilisaus og ingefær og heller servere det på bordet. Då kan kvar og ein smake til sin suppetallerken slik dei ønskjer, og så blir alle så mykje blidare;)
Håper du fekk lyst på kyllingsuppe med nudlar du og! Her får du oppskrifta:
Oppskrift på Kyllingsuppe med nudlar
- 200 g kylling- eller hønsekjøt
- 1 l kylling/hønsekraft
- 2,5 cm ingefærrot
- 3 gulrøtter
- 2-3 aromasopp
- 2 vårløk
- 2 dl bønnespirer
- 200 g risnudlar (eller andre nudlar)
- 1 ss sesamolje
- 1 ts sweet chilisaus
- 1 lime i båtar
- Frisk koriander
Varm opp kraft i ei gryte, ha i ingefærrot i små bitar.
I denne oppskrifta kan du anten nytte rått kjøt eller ferdig steikt/kokt kjøt. Del det i terningar og la det trekke i den varme krafta, berre nokre få straksar for å bli varmt eller litt lenger for å bli gjennomkokt.
Del sopp, vårløk og gulrot i mindre bitar.
Legg risnudlane i krafta, og la dei trekke (ikkje koke) i ca 7 minutt til dei er ferdige.
Ha i grønsakene. Dei skal opp i suppa rett før servering, slik at dei beheld sprøheita si.
Smak til med sesamolje og chilisaus.
Servér suppa med limebåtar og frisk koriander.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.