Reklame
Tacograteng
Tacograteng er fylt med steikt løk, kjøttdeig, mais, hakka tomat og tacokrydder. Toppa med smelta ost og gratinert i omnen er den perfekt å setje på bordet saman med nachos og guacamole! Ein ny vri på den gode fredags-smaken, laga på 1-2-3.
Dersom du har resta av tacokjøttdeig er denne perfekt å diske opp med som ein god lunsjrett dagen etter. Du kan sjølvsagt tilsetje paprika, gulrot eller anna du måtte ha på lur i kjøleskapet, det funkar fint.
Om du vil lage vegetarversjon kan du bytte ut kjøtet med brune bønner eller linser, og elles bruke oppskrifta som den er. Vi serverte berre avokado i skiver til, men det er jo sjølvsagt aller best med guacamole om du vil ta deg tid og bry med å lage det!
Oppskrift på Tacograteng
- 400 g kjøttdeig
- 1 løk
- 2 fedd kvitløk
- 2 ss Helios stekeolje
- 2 ss tacokrydder
- 300 g Helios mais
- 400 g Helios hakka tomat
- 1-2 ss frisk basilikum (kan sløyfast)
- 100 g riven ost
Del løk og kvitløk i bitar og fres i litt olje til løken blir blank.
Skubb løken ut til kanten av steikepanna og fres kjøttdeiga i midten. La den bli godt bruna for god smak.
Strø over tacokrydder og bland godt.
Ha i mais og hakka tomat og bland godt.
Ha i hakka frisk basilikum om du har og strø over ost.
Set panna inn i steikeomnen under grillelementet i 3-5 minutt, eller på 225 grader i ca 10 min.
Server med nachochips og avokado.
Dette blogginnlegget er reklame for Helios
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.