Pølsebrød
Pølsebrød som er heimelaga kan ikkje samanliknast med kjøpebrøda som ligg samanklistra i ein pakke på butikken. Dessverre er det oftast denne smaklause typen som blir servert, både her i huset og ute på avslutningar og grillparty. Men det er det på tide å gjere noko med!
Pølserbrød er finfint å lage ein dag du skal vere heime og har tid til å la deiga heve og etterheve. Tid er alfa og omega når det er snakk om gjærbakst, og sjølv om denne deiga er enkel å lage trengst det tid for å få det perfekte resultat.
Lagar du pølsebrød og legg i fryseboksen er det enkelt å servere heimelaga pølsebrød neste gong det er pølse-i-brød på menyen anten heime eller på ei avslutning. Her får du oppskrifta på knakandes gode heimelaga pølsebrød!
TIPS:
- Pølsebrøda kan fint frysast. Tin dei på benken og varm dei nokre få minutt i steikeomnen eller på grillen før servering.
- Denne oppskrifta er glimrande til å lage hamburgerbrød også. Lag runde bollar som du trykker ganske flate før dei etterhevar og steiker på samme måte som pølsebrøda.
Oppskrift på Pølsebrød
- 1 dl vatn
- 2 dl mjølk
- ca 450 g kveitemjøl
- 2 ss olivenolje
- 1 ts salt
- 1 pk tørrgjær
- egg til pensling
- sesamfrø på toppen
Ha lunka melk og vatn i ein bolle saman med alt det tørre og elt med kjøkkenmaskin (eller for hand) i ca ti minutt til du har ei jamn deig.
Dekk til bollen og la heve til dobbel storleik.
Del emnet i 8 like delar på godt mjøla underlag og trill til avlange pølser.
Legg pølsebrøda på bakepapirkledd steikebrett og la etterheve under eit klede i 30 min.
Pensle med samanvispa egg og strø sesamfrø på toppen.
Steik pølsebrøda midt i omnen på 200 grader over- og undervarme i 15-20 minutt -til dei er gylne.
Avkjøl brøda på ei rist før du deler dei nesten i to og fyller med gode pølser og godt tilbehør.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.