Reklame

Kyllingform med cashewnøtter

Ovnsbakt kyllingform med cashewnøtter kan like gjerne serverast til fest som på ein kvardag. Deilige krydder blanda med grønsaker, kylling og bacon er lett å like og smakar som ein gjerne vil vende tilbake til.

drømmekylling

Denne versjonen er med fløyte og creme fraiche, men her kan du gjerne bytte ut med kokosmjølk om du heller likar å bruke det. Mengda med curry paste kan du variere alt etter kven du skal servere den til, eller sløyfe den heilt om du vil ha ei mild kyllingform. Det smakar godt det også!

kyllingform curry

Dette er perfekt mat å server til mange, du kan lett auke mengda og lage i ei stor langpanne om du vil servere til festleg lag, eller bruke den som ei kvardagsoppskrift. Et du ikkje opp alt første dagen er dette digg restemat som held seg godt i kjøleskapet eit par dagar.

kyllingform med cashewnøtter

 

 

Oppskrift på Kyllingform med cashewnøtter

4-5 porsjonar / Tid: 60 min

  • 400 g kylling
  • 3 skiver bacon
  • 1 løk
  • 2 vårløk
  • 1 kinesisk kvitløk (eller 3-4 fedd kvitløk)
  • 400 g Helios økologisk cherrytomat på boks
  • 2 dl fløyte
  • 1 dl creme fraiche
  • 2 raude paprika
  • 2 ss curry paste
  • 1 ts salt
  • litt pepper
  • 100 g riven ost
  • 75 g Helios økologiske cashewnøtter
  • friske urter
  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.

  2. Del bacon i bitar og kylling i mindre delar, alt etter kva del av kyllingen du nyttar.

  3. Fres bacon i ei steikepanne til det blir sprøtt. Ha i kyllingbitane og la dei steike med når det har blitt godt med baconfett i panna. Brun lett på alle sider og legg over i ei eldfast form.

  4. Hakk løk i bitar og fres til det blir blankt. Ha i finhakka kvitløk og curry paste og la det surre med.

  5. Hell over tomat på boks, kremfløyte og creme fraiche. Bland godt og la småkoke.

  6. Del paprika i terningar og vårløk i mindre bitar og ha i. Krydre med salt og peppar.

  7. Hell blandinga over i den eldfaste forma, strø over ost og set forma midt i omnen i 30 min.

  8. Rist cashewnøtter lett i ei tørr panne og strø over kyllingforma når den er ferdig, gjerne saman med friske urter.

  9. Serverast saman med kokt ris.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.