
Jukse-pizza med marikåpe og pinjekjerner

Tortillapizza er ein av mine favorittar å ty til når eg ikkje har lyst til å bruke tid på kjøkkenet, men likevel har lyst på noko godt. Denne versjonen blei digg kveldsmat forrige veke, etter ein hektisk dag med sommaravslutning, rydding og trening.
Ute på marka ved sidan av huset vårt er det flust av marikåper, og på veg heim plukka eg med meg ein liten bukett med friske fine blad. Her gjeld det å ta dei minste og nyaste blada, med lys grøn og fin farge. Dei er ikkje så grove og er friskast å ete.
Med creme fraiche i botnen, frisk rødløk og knasande pinjekjerner blei dette ein kortreist og deilig «liksom-pizza» som fall godt i smak og fint kan anbefalast vidare!

Jukse-pizza med marikåpe og pinjekjerner
Til 1 person
- 1 tortillalefse
- 2 ss creme fraiche
- 1/4 rødløk
- 10 marikåpeblad
- 1-2 ss pinjekjerner
- 1 neve reven mozzarellaost
- nykverna peppar

Oppskrift:
- Set omnen på 200 grader over og undervarme.
- Legg lefsa på eit bakepapirkledd steikebrett.
- Stryk uttover creme fraiche og fordel toppingen, avslutt med ost.
- Steik i 12-15 min, til osten er gyllen.
- Ha pinjekjernene i ei varm steikepanne og la dei bli gylne, hell over på ein tallerken.
- Server tortillapizza med friske marikåper, pinjekjerner og nykverna peppar på toppen.

Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.