Risnudlar med peanøttsaus
Risnudlar med peanøttsaus er raskt å lage og smakar skikkeleg digg. Asiatiske smakar i ei herleg blanding, med litt futt i! Perfekt kosemat, og eit fint alternativ om du vil ete vegetar ein dag.
Peanøttsausen kjørast raskt saman i ei matmølle (foodprosessor) og risnudlane skal berre så vidt trekke i varmt vatn. Då rekk du akkurat å hakke opp grønsakene du skal ha i før nudlane er klare! Eller kanskje du er like heldig som meg og får hjelp av to kjekke gutar på 5 og 7 til å skjære grønsaker?
Risnudlar får du kjøpt på fleire daglegvarebutikkar no, det står saman med vanlege nudlar, eller på Asiabutikkar. Vil du bruke andre typar nudlar i staden kan du sjølvsagt gjere det, men hugs då å rekne litt meir koketid.
Fekk du lyst til å smake? Her er oppskrifta:
Risnudlar med peanøttsaus
Til 3-4 personar treng du:
Peanøttsaus
- 2 ss peanøttsmør
- 2 ss soyasaus
- 1 ts eplecidereddik
- 2 ss sesamolje
- 2 fedd pressa kvitløk
- 1 ss raspa ingefær
- Saft frå 1/2 lime
- 4-5 ss kokande vatn
- 1/2-1 ts sriracha (eller red chili flakes/chilipulver)
Risnudlar
- 250 g risnudlar
- 2 vårløk
- 1 squash
- 3 gulrot
- 10-12 sukkererter
- Frisk koriander
- Litt hakka peanøtter på toppen
Oppskrift
- Kjør alle ingrediensane til peanøttsausen raskt saman i ei matmølle (foodprosessor).
- Kok opp ei gryte med 2-3 liter vatn og 1 ts salt. Slå av varmen, trekk kasserollen vekk frå plata og ha i risnudlane. La dei trekke i ca 3 min, pass på så dei ikkje ligg for lenge då blir dei vasne.
- Skjær grønsakene i små terningar/bitar.
- Hell av kokevatnet og skyl nudlane raskt under kaldt vatn (slik du ville gjort med spaghetti).
- Rør inn peanøttsausen i nudlane.
- Bland inn grønsakene i nudlane og ha over frisk koriander og hakka peanøtter.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.