Fiskekaker med søtpotetchips

heimelaga fiskekaker

Fiskekaker med søtpotetchips var middagen vår i dag. Raskt og godt, og ikkje meir tidkrevjande enn at det kan stå på middagsbordet ein heilt vanleg kvardag!

Eg kjøpte torskefilet på butikken i går, men her kan du nytte den fisken du vil. Oftast er det sei, torsk og lyr som er enklast å finne på butikken, og alle desse tre er glimrande til fiskekaker!

fiskekaker med søtpotetchips

Denne gongen var det søtpotetchips og cottage cheese-dressing som fekk vere med på tallerkenen. Søtpotetchipsa tek lengst tid, så dei må i omnen først og få lov til å vere der medan du lagar fiskekaker og rører saman dressingen. Likevel er middagen klar på 30 min!

hjemmelagede fiskekaker

Fiskekaker med søtpotetchips

Til omlag 4 personar

Fiskekaker

  • omlag 500 g fiskefilet
  • 1 ss potetmjøl
  • 1 ts salt
  • litt peppar
  • 1/4 ts muskat
  • 1 ss finhakka grasløk
  • 2-3 dl mjølk
  • litt smør til steiking

Søtpotetchips

  • 1-3 søtpotet (avhengig av storleik)
  • 2-3 ss olivenolje
  • 1 ts flaksalt

Cottage Cheese-dressing

  • 3 ss Cottage Cheese
  • 1 ss majones
  • 1/4 ts salt
  • 3-4 skiver sylteagurk
  • 1 klype peppar
  • grøn salat
fiske kaker søtpotet

Slik gjer du:

Søtpotetchips:

  1. Set omnen på 250 grader over- og undervarme.
  2. Skrell og del søtpotetene i stavar (chips-storleik) og legg utover eit bakepapirkledd steikebrett.
  3. Ringle over olivenolje og strø over salt.
  4. Set inn i omnen og skru ned til 230 grader. La stå i ca 25 min, til dei er nesten litt brende og knasande på utsida. Kik inn avogtil og flytt eventuelt litt på dei om det trengst.

Fiskekaker:

  1. Del den kalde fisken i store terningar og kjør den i ei matmølle (foodprosessor) til det er ei ganske jamn masse.
  2. Ha i potetmjøl, salt, peppar, finhakka grasløk og litt av mjølka. Kjør vidare.
  3. Spe med mjølka og kjør mølla til du har ei jamn og fin masse.
  4. Varm smør i ei panne og form små kaker som du legg i panna. Steik på middels-høg varme, slik at fiskekakene blir bruna og får god smak.
  5. Snu og steik på andre sida.

Cottage Cheese-dressing:

  1. Bland alt og kjør glatt med ein stavmiksar (eller finhakk og bland for hand).

Server nysteikte fiskekaker med grøn salat, søtpotetchips og Cottage Cheese-dressing. Velbekomme!

hjemmelagde fiskekaker

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.