
Fiskekaker med søtpotetchips

Fiskekaker med søtpotetchips var middagen vår i dag. Raskt og godt, og ikkje meir tidkrevjande enn at det kan stå på middagsbordet ein heilt vanleg kvardag!
Eg kjøpte torskefilet på butikken i går, men her kan du nytte den fisken du vil. Oftast er det sei, torsk og lyr som er enklast å finne på butikken, og alle desse tre er glimrande til fiskekaker!

Denne gongen var det søtpotetchips og cottage cheese-dressing som fekk vere med på tallerkenen. Søtpotetchipsa tek lengst tid, så dei må i omnen først og få lov til å vere der medan du lagar fiskekaker og rører saman dressingen. Likevel er middagen klar på 30 min!

Fiskekaker med søtpotetchips
Til omlag 4 personar
Fiskekaker
- omlag 500 g fiskefilet
- 1 ss potetmjøl
- 1 ts salt
- litt peppar
- 1/4 ts muskat
- 1 ss finhakka grasløk
- 2-3 dl mjølk
- litt smør til steiking
Søtpotetchips
- 1-3 søtpotet (avhengig av storleik)
- 2-3 ss olivenolje
- 1 ts flaksalt
Cottage Cheese-dressing
- 3 ss Cottage Cheese
- 1 ss majones
- 1/4 ts salt
- 3-4 skiver sylteagurk
- 1 klype peppar
- grøn salat

Slik gjer du:
Søtpotetchips:
- Set omnen på 250 grader over- og undervarme.
- Skrell og del søtpotetene i stavar (chips-storleik) og legg utover eit bakepapirkledd steikebrett.
- Ringle over olivenolje og strø over salt.
- Set inn i omnen og skru ned til 230 grader. La stå i ca 25 min, til dei er nesten litt brende og knasande på utsida. Kik inn avogtil og flytt eventuelt litt på dei om det trengst.
Fiskekaker:
- Del den kalde fisken i store terningar og kjør den i ei matmølle (foodprosessor) til det er ei ganske jamn masse.
- Ha i potetmjøl, salt, peppar, finhakka grasløk og litt av mjølka. Kjør vidare.
- Spe med mjølka og kjør mølla til du har ei jamn og fin masse.
- Varm smør i ei panne og form små kaker som du legg i panna. Steik på middels-høg varme, slik at fiskekakene blir bruna og får god smak.
- Snu og steik på andre sida.
Cottage Cheese-dressing:
- Bland alt og kjør glatt med ein stavmiksar (eller finhakk og bland for hand).
Server nysteikte fiskekaker med grøn salat, søtpotetchips og Cottage Cheese-dressing. Velbekomme!

Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.