Eltefritt speltbrød i gryte
Spelt blir rekna som ein av urkornartane og kan med stort hell erstatte kveitemjøl i nesten alle oppskrifter. Mjølet er mindre foredla og har dermed bevart sine opprinnelege eigenskapar og vert rekna som eit næringsrikt kornslag.
Mange opplever at dei toler spelt betre enn vanleg mjøl, og fleire som er glutensensitive kan til ei viss grad ete spelt utan fordøyelseproblem. Grunnen til det blir delvis forklart ved at spelt har svakare gluten enn kveite, noko som gjer det ideelt å nytte til langtidsheva deiger som her, sidan det ikkje toler elting så godt.
Spelt treng litt meir væske enn ved bruk av vanleg mjøl, og litt av væska bør helst vere appelsinjuice slik at askorbinsyra er med på å gje endå betre bakeeigenskapar til deiga. Men no blei det mykje informasjon her; spelt er enkelt å bake med og gir eit godt resultat! Her får du oppskrift på eit deilig eltefritt speltbrød med sprø skorpe:
Eltefritt speltbrød i gryte
1 brød i 22-24 cm gryte:
- 150 g sammalt spelt
- 450 g sikta spelt
- 5 dl lunka vatn
- 1 dl appelsinjuice (kan erstattast med vatn)
- 1 ts salt
- 1/2 ts tørrgjær
- 1 ss flytande honning
Slik gjer du:
- Set bakebollen på vekta og mål opp alt det tørre. Hell i vatnet og rør raskt saman, set på lokk og la heve i 12-18 t, gjerne på kjøkkenbenken over natta.
- Etter den lange hevetida brettar du deiga nokre gongar over seg sjølv ved hjelp av ein slikkepott og set på lokket igjen.
- Set gryta du skal bruke med lokk inn i omnen og skru på 250 grader over- og undervarme.
- Etter omlag 60 min heller/skrapar du deiga over i gryta, har på lokket og set det inn i omnen. Strø gjerne litt mjøl i botnen av gryta og på toppen av brødet.
- Steik i 30 min på 250 grader.
- Ta av lokket og skru ned til 230 grader. Steik i 20 min til.
- Avkjøl brødet på rist.
- Etter at brødet er heilt avkjølt oppbevarar du det best innepakka i eit reint kjøkkenhåndkle.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.