Hummus
Hummus er nydeleg dipp til grønsaker, flatbrød, tortillachips eller tynne brødskiver som opprinneleg stammar dippen frå midtausten og ofte er brukt saman med falafel eller som fyll i wrap og pitabrød.
Hummus blir tradisjonelt laga av kikerter, tahini, kvitløk, sitron, vatn og olivenolje, men her finn du kvar familie sin eigen vri for å få den beste versjonen, og det er fritt fram for det å eksperimentere for å finne din favoritt.
Tahini brukte å vere ei utfordring å få tak i, men det siste året har eg sett det på nesten kvar einaste matbutikk eg har vore innom! Du finn det gjerne i hylla saman med glutenfrie produkt – glaset liknar litt på peanøttsmør. Tahini er på ein måte også eit slags smør, eller paste, men denne er laga av sesamfrø og sesamolje i motsetning til peanøtter. Får du ikkje tak i tahini og hummus-behovet melder seg kan du riste litt sesamfrø i ei steikepanne, knuse dei i ein morter og blande inn i kikertene i staden.
Eg likar dippen best når den er godt krema og mjuk, og tilset vatn til eg får passe konsistens. Her får du min versjon av deilig, sunn og god dipp:
Hummus
- 400 g (1 boks) ferdig kokte kikerter
- 1-2 fedd kvitløk
- 1-2 ss tahini (sesampasta)
- 1 toppa ts spisskummen
- 1/2 ts salt
- 1-2 ss sitronsaft
- ca 1/2 dl vatn
- 4-5 ss ekstra jomfru olivenolje
- litt paprikapulver
Slik gjer du:
- Skyll kikertene i eit dørslag og la renne godt av seg.
- Ha kikerter, pressa kvitløk, tahini, spisskummen, sitronsaft og nesten alt vatnet i ei matmølle med knivar og kjør glatt.
- Ha i 1 ss olivenolje, skrap ned langs kantane om det trengst og juster med så mykje vatn du treng for å få passe konsistens.
- Ha over i ei skål, ringle over olivenolje og strø paprikapulver over.
- Velbekomme!
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.