Asiatisk grønnsaksuppe
Asiatisk grønnsaksuppe er inspirert av smakane frå Thailand med sitrongras, ingefær og spicy sriracha. Plutseleg er det slik at alle desse ingrediensane er å finne på fleire av mine lokale butikkar, og då er det straks mykje lettare å nytte dei!
Eg nytta ein spiralizer og laga «squash-nudlar» som eg hadde i, men om du heller vil bytte ut squash med vanlege nudlar kan du gjerne gjere det. Du kan også erstatte kyllingkrafta med grønsakskraft eller grønsaksbuljong om du vil ha ein heilt vegetarisk versjon.
Asiatisk grønnsaksuppe til 3-4 personar:
- 6-8 dl kyllingkraft (eller vatn + buljong)
- 400 g kokosmjølk
- 2 vårløk
- 1 squash
- 3-4 gulrøter
- 10-15 sukkererter
- 8-10 aromasopp eller sjampinjong
- 1 sitrongras
- 2 kaffir lime blad
- 2,5 cm ingefærrot
- 1 ss sriracha
- 1-2 ss fishsauce
- 1/2 ts salt
Slik gjer du:
- Skrell og del gulrøtene i skiver, sukkerertene i to og soppen i fire delar.
- Bruk ein spiralizer og lag nudlar av squashen (eller erstatt med vanlege nudlar om du vil).
- Kok opp krafta og ha i gulrøtene sidan dei treng lengst koketid.
- Skjær vekk det grøne på sitrongraset, og bruk baksida på kniven og bank litt hardt på det slik at det slepp dei gode smakane. Ha sitrongraset (heilt) i suppa, saman med ingefær delt i to og kaffi lime blada og la koke med.
- Ha i alle grønsakene og la småkoke i 5 min.
- Ha i kokosmjølka, sriracha, fishsauce og salt (om det trengst).
- Fisk ut sitrongras, kaffir lime blada og ingefærrota frå suppa og server med det same.
Oppskrift på Asiatisk grønnsaksuppe
- 6-8 dl kyllingkraft (eller vatn + buljong)
- 400 g kokosmjølk
- 2 vårløk
- 1 squash
- 3-4 gulrøter
- 10-15 sukkererter
- 8-10 aromasopp eller sjampinjong
- 1 sitrongras
- 2 kaffir lime blad
- 2,5 cm ingefærrot
- 1 ss sriracha
- 1-2 ss fishsauce
- 1/2 ts salt
Skrell og del gulrøtene i skiver, sukkerertene i to og soppen i fire delar.
Bruk ein spiralizer og lag nudlar av squashen (eller erstatt med vanlege nudlar om du vil).
Kok opp krafta og ha i gulrøtene sidan dei treng lengst koketid.
Skjær vekk det grøne på sitrongraset, og bruk baksida på kniven og bank litt hardt på det slik at det slepp dei gode smakane. Ha sitrongraset (heilt) i suppa, saman med ingefær delt i to og kaffi lime blada og la koke med.
Ha i alle grønsakene og la småkoke i 5 min.
Ha i kokosmjølka, sriracha, fishsauce og salt (om det trengst).
Fisk ut sitrongras, kaffir lime blada og ingefærrota frå suppa og server med det same.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.