![kanelsnurr med sjokoladesaus](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/03/20160315-DSC_0107-1000x620.jpg)
Kanelsnurr med sjokoladesaus
![swedish cinnamon](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/03/20160315-DSC_0113-1024x680.jpg)
Kanelsnurr med sjokoladesaus er deilig klissete og søte bollar som anten kan serverast som dei er eller med litt reve appelisinskal på toppen. Appelsin og sjokolade funkar veldig godt i lag, og passar ekstra godt no når appelsinene er på sitt beste.
Har du snurrar til overs kan du legge dei i frysaren og varme dei litt i omnen ein dag du får lyst på noko godt. Sjokoladesausen held seg også i lang tid, og kan stå klar bakerst i kjøleskapet. Litt lunk på den også og så er det berre å helle over og nyte søte sjokoladetrekte kanelsnurrar i godt lag:)
![kanelsnurr med sjokoladesaus](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/03/20160315-DSC_0107-1024x680.jpg)
Kanelsnurr med sjokoladesaus:
- 950 g kveitemjøl + litt ekstra til utbaking
- 5 dl H-mjølk (37 grader)
- 150 g sukker
- 1 ts salt
- 1 ts kardemomme
- 1 egg
- 1 pk tørrgjær
- 150 g smør i terningar
Fyll:
- Mjukt smør
- Kanel
- Sukker
+ 1 egg til pensling
Sjokoladesaus:
- 2 dl sukker
- 1 dl kakao
- 0,5 dl vatn
- 1 ss smør
- 2 ss sirup (både lys og fin går fint)
- 1 ts vaniljesukker
- 1 klype salt
+ Skall frå 1 appelsin til pynt
![kanelsnurr med sjokoladesaus](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/03/20160315-DSC_0112-1024x680.jpg)
Slik gjer du:
- Ha alle ingrediensane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
- Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
- Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
- Kjevle deiga til eit stort rektangel. Smør den og strø over kanel og sukker.
- Rull saman til ei lang pølse og del opp i 1 cm tjukke skiver med ein skarp kniv.
- Legg på bakepapirkledd steikebrett eller legg ein og ein i kvar sin muffinsform. Brett muffinsformen litt uttover i tilfelle.
- La etterheve i 30-60 min.
- Set steikeomnen på 180-200 grader.
- Pensle med eit samavispa egg og steik i 15-17 min.
- Avkjøl på rist.
![kanelsnurr](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/03/20160315-DSC_0137-1024x680.jpg)
Sjokoladesaus:
- Ha alt i ei kasserolle og varm opp under omrøring til alt er smelta og du har ein jamn saus.
- La avkjøle litt så den blir litt tjukkare (blir den for stiv er det berre å varme opp igjen).
Aus sjokolade over kanelbollane og riv appelsinskall over før servering. Sjokoladesausen held seg lenge i eit tett glas i kjøleskapet, og er fin å ha over is og kaker.
![kanelsnurr med sjokoladesaus](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/03/20160315-DSC_0150-1024x680.jpg)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.