Halloumipita

halloumi i pitabrød

Halloumipita er ein fin vegetarrett som er rask å snekre saman og smakar godt. Halloumi har ikkje vore så lett å få tak i her i distriktet, men no finn eg den i allefall på Rema, og håper at den fort sprer seg til andre butikkar.

Halloumi er ost som tradisjonelt blei laga av fåremelk og stammar frå Kypros. Osten er perfekt å grille, men må ikkje bli liggande for lenge då blir den seig og gummiaktig. Her gjeld det å ha alt anna klar, og så grille nokre minutt på kvar side og servere med det samme.

halloumipita

Har du grillpanne som meg kan du bruke det, eller du kan grille på vanleg grill eller steike i vanleg steikepanne. Sprø overflate og varm ost i midten er målet.

Denne gongen serverte vi med avokadomos eller guacamole om du vil. Friskt og godt.

halloumi

Halloumipita til 2 personar:

  • 250 g halloumi
  • 2 pitabrød
  • 4-5 grøne salatblad
  • 1-2 avokado
  • 5-6 perletomatar/cherrytomatar
  • 1/2 raud paprika
  • 1/2 raudløk
  • 1 lime
  • salt og pepper
  • 1/4 ts spisskummen
hvordan grille halloumi

Slik gjer du:

  1. Varm pitabrød i steikeomnen.
  2. Del halvparten av rødløken i skiver og halvparten i små bitar.
  3. Del paprikaen i skiver.
  4. Mos avokado, perletomat og rødløk saman.
  5. Skvis over saft frå lime, bland inn spisskummen og krydre godt med salt og pepper.
  6. Del halloumien i to like skiver og grill på middels-høg varme, 2-3 min på kvar side.
  7. Legg opp pitabrød med salat, avokadomos, paprikaskiver, rødløkskiver og avslutt med halloumi. Håper det fell i smak!
halloumi pita

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.