Sjokoladefondant med karamellfyll

sjokoladefondant med karamellfyll

Sjokoladefondant med karamellfyll har både deilig flytande sjokolade og karamell i midten, og smakar like godt som det høyrest ut.

Å lage karamellen er veldig enkelt, men krev litt tid. Du treng ei boks søt kondensert mjølk (ikkje Vikingmjølk – den er ikkje søta) og ein stor kjele med vatn. Boksa skal koke i 3 timar, men held seg deretter i lang tid i ei tett boks i kjøleskapet. Dermed kan du lett lage dulce de leche lenge før du skal lage denne desserten, og ha karamell klar i kjøleskapet.

Finn du ikkje søt kondensert mjølk kan du bruke Dumle-trikset som du finn heilt under oppskrifta her.

sjokoladefondant med karamell

Til 4 porsjonar treng du:

  • 100 g mørk sjokolade
  • 100 g smør
  • 50 g kveitemjøl (eller glutenfritt mjøl)
  • 100 g sukker
  • 2 egg
  • 2 eggeplommer
  • Litt kakaopulver og smør til formene
  • Dulce de leche (sjå under)
  • 4 klyper salt
sjokoladekake med karamell

Slik gjer du:

Dulce de leche (karamell):

  1. Fjern etiketten på boksa med søt kondensert mjølk.
  2. Legg boksa i ei stor gryte, og fyll fullt med vatn.
  3. Kok opp og la småkoke i 3 timar.
  4. Hell av vatnet, avkjøl med kaldt vatn før du opnar boksa.
  5. Oppbevar i tett boks i kjøleskapet (dette held seg lenge) og bruk i dessertar, over is eller som ekstra godt pålegg.
dulche de leche  dulce de leche

Sjokoladefondant:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Hakk sjokolade og smelt over vassbad saman med smøret.
  3. Visp egg, eggeplommer og sukker til luftig eggedosis. (Visp lenge med kjøkkenmaskin.)
  4. Vend inn sikta mjøl i eggedosisen.
  5. Vend inn smelta smør og sjokolade. (Set røra i kjøleskapet om du ikkje skal servere med det samme.)
  6. Smør formene med smør, slik at kakene slepper forma lett og sikt i litt kakao og fordel røra.
  7. Ha i 1 stor teskei med karamell/dulche de leche i kvar form og ei klype salt.
  8. Steik midt i omnen i ca ti minutt, til toppen har heva seg litt frå forma men det framleis er rennande røre når du sjekkar med ein kakepinne. Kanskje er det perfekt med 8 eller 12 minutt i din omn, følg med!
  9. Snu forma opp ned på ein tallerken, eller server i formene, med sikta kakao over.
sjokoladefondant

TIPS:

  • Sjokoladefondant kan fint lagast glutenfritt. Bruk då gultenfri kakemiks/fint mjøl i staden for vanleg kveitemjøl.
  • Har du ikkje dulce de leche kan du legge 1 stk dumle-karamell i kvar form i staden, eller ha i HaPå-pålegget som du finn på butikken.
  • Vil du sjå fleire steg for steg bileter finn du det her.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.