Biff med bearnaisesaus og hasselbackpoteter

biff bearnaise hasselbackpoteter

Biff med bearnaisesaus og hasselbackpoteter er skikkeleg laurdagskveldmiddag med noko raudt i glaset til.

Hasselbackpoteter blei ein favoritt her i heimen frå første gong vi laga det. Du deler potetene nesten heilt igjennom i 2-3 mm tjukke skiver og let dei steike i omnen med smør på toppen. Enkelt og heilt fantastisk godt.

Biffen likar vi best å steike på høg varme på begge sider, og så setje heile panna i steikeomnen nokre minutt medan bearnaisesausen blir klargjort. Så får biffen kvile medan sausen blir montert, og taaadaaaa…..så er middagen klar!

biff med bernaise

Til 2 personar treng du:

  • ca 150 g biff per person
  • litt smør
  • 1 ts flytande honning
  • timian
  • 4 små/vanlege amadinepoteter (dess større dess lenger steiketid)
  • 10-12 aspargesbønner

Bearnaisesaus:

  • 1 sjalottløk
  • 1 ts estragon
  • 2 ss kvitvinseddik
  • 2 ss vatn
  • 150 gr smør
  • 3 eggeplommer
  • Salt og peppar
hasselbackpoteter hasselbackpoteter

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 225 grader over- og undervarme.
  2. Vask potetene godt og jamn dei til på undersida om dei ikkje vil ligge i ro.
  3. Skjær tynne skiver nesten heilt igjennom. Tips: legg to spisepinnar på kvar side og skjær heilt ned til dei.
  4. Legg potetene på eit eldfast fat og fordel smør, honning og timian (el andre urter) på toppen.
  5. Steik midt i omnen i 30-40 min, avhengig av størrelsen på potetene.
  6. Steik biffen på høg varme, slik at du får karamellisert begge sidene -men ikkje så sterk varme at dei blir brende. Ettersteik på lågare varme eller i set heile panna i steikeomnen til biffane er så steikte som du vil ha dei.
  7. Lat biffane kvile nokre minutt før servering.
  8. Lag bearnaisesaus etter denne oppskrifta.
  9. Kok opp ei lita kasserolle med vatn og la aspargesbønene trekke i 2-3 min, slik at dei rekk å bli varme men ikkje slappe.
  10. Servér biff med bearnaisesaus, hasselbackpoteter og aspargesbønner.
Biff med bearnaisesaus og hassebackpoteter biff med bearnaisesaus

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.