Kyllinglår i curry
Kylling og curry er knallgodt i lag og finfin middagsmat servert saman med ris og eventuelt nanbrød. I denne versjonen har eg nytta kyllinglår i den store prosessen med å ete heile dyret, ikkje berre filet-stykka.
Kyllinglår blir jo av mange rekna som den mest smakfulle delen av kyllingen, så det er berre å ta med seg lår i staden for kyllingbryst neste gong du er på butikken.
Men for ordens skuld: du kan bruke kyllingbryst i denne retten også!
Kyllinglår i curry til 2-3 personar:
- 2 kyllinglår
- 2 ss raud curry
- 200-250 g kokosmjølk
- 1 gulrot
- 1/2 squash
- 1/2 raud paprika
- 1/2 grøn paprika
- 1/2 gul paprika
Slik gjer du:
- Set omnen på 200 grader over og undervarme.
- Steik kyllinglåra på begge sider på middels-høg varme, slik at dei får ei fin steikeskorpe.
- Legg til side.
- Del squash, paprika og gulrot i passe bitar.
- Fres curry nokre få minutt i panna til den «skil seg» og gir får seg litt olje.
- Hell over kokosmjølka, bland godt og kok opp.
- Legg i kyllinglåra og grønsakene og sett steikepanna midt i omnen (eller ha over i eldfast form om panna di ikkje toler steikeomn).
- La stå i om lag 45 min. Sjekk at kyllingen er gjennomsteikt, tida kan variere alt etter kor store stykker du har.
- Server med ris og nanbrød til.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.