Kantarellrisotto

risotto kantarell Det er framleis kantarell i skogen, så det er berre å kome seg ut og leite. Eg har blitt heilt sopp-gal og kikar etter sopp kvar gong eg er ute i skogen, og ser at det har smitta over til dei to små i familien også.

Har du ingen skog å leite i der du er kan du gå på soppjakt i butikken i staden. Kantarell har ein heilt fantastisk kryddersmak som verkeleg set prikken over i’en på denne risottoen. Likar du ikkje sopp seier du? Då har du ikkje smakt kantarell seier eg;)

Er du så heldig at du finn sopp men ikkje har tid eller lyst til nytte den med ein gong kan du anten fryse eller tørke den for seinare høve. Å tørke den kan gjerast så enkelt som å la den ligge på eit kjøkkenpapir til den er heilt knusktørr (kanskje ei vekes tid) og så pakke den tett. Kantarellrisotto heile året!:)

risotto kantarell Kantarellrisotto til 2 personar:

  • 200 g risottoris (arborio)
  • 2 sjalottløk
  • 2 fedd kvitløk
  • ca 130 g kantarell
  • 5 dl kraft (eller vatn + 2 buljongterningar)
  • 1,5 dl tørr kvitvin
  • 50 g parmesan
  • 1-2 ss smør

risottokantarellSlik gjer du:

  1. Ha 1 ss olivenolje i ei kasserolle og fres sjalottløk og kvitløk i nokre minutt. Ha i risottorisen og la den frese med til den blir blank.
  2. Hell over kvitvinen og la den koke inn.
  3. Spe med varm kraft/buljong. Ha i ei ause i gongen og la dette koke inn før du har i den neste. Rør jamt i risen. Fortsett slik til risen er blitt mjuk, men framleis har tyggemotstand. Dette tek 15-20 min.
  4. Steik kantarellane i litt smør.
  5. Ha i 1-2 ss smør og reven parmesan over risottoen, men utan å røre. Legg på lokk og la stå i 3-5 min. Vend så inn smøret og osten, legg over kantarellane og server kantarellrisotto med det same.
kantarell risotto

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.