Halvgrovt brød

hjemmebakt brød

Det er få ting som luktar så godt som når ein tek ferskt brød ut av omnen, og dei heimebakte brøda smakar så mykje betre enn butikk-kjøpte. Denne versjonen har appelsinjuice som gir ekstra syre og betre hald i deiga. Den eine av mine små vil helst ikkje ete brød med heile frø og korn i, så eg maler solsikkekjernene til mjøl før eg har dei i, men det er slett ikkje nødvendig for eit godt resultat. Det viktigaste er å gi deiga nok tid til å heve for å lage gluten-nettverk slik at du får luftige og smakfulle brød. Så set deiga og la den stå og utvikle seg på benken så lenge du har tid, så kan du diske opp med nybakte brød til kveldsmaten.

halvgrovt brød

Til 3 brød (1,5 liters former) treng du:

  • 5 dl appelsinjuice
  • 7 dl vatn
  • 300 g grov sammalt kveite
  • 200 g grov sammalt rug
  • 200 g fin sammalt rug
  • 1 ss honning
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 50 g solsikkekjerner
  • 900 g kveitemjøl
halvgrove brød

Slik gjer du:

  1. Ha appelsinjuice og vatn i bollen, la det vere nokolunde lunka -men ikkje for varmt.
  2. Kvern solsikkekjernene til mjøl (kan sløyfast).
  3. Ha alle ingrediensane i bollen, men hald igjen litt av kveitemjølet og tilset det etterkvart som maskinar eltar.
  4. Elt i omlag ti minutt på sakte fart.
  5. Dekk til og la etterheve til dobbel storleik, gjerne eit par timar.
  6. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  7. Fordel deiga, ved hjelp av ein slikkepott, i tre bakepapirkledde/smurde former.
  8. La etterheve i 30-45 min med eit klede over.
  9. Pensle med litt vatn og strø over litt mjøl. Skjær skrå snitt med ein skarp kniv.
  10. Set brødformene på nederste rist i omnen og hell 1/2 dl vatn inn i botnen av omnen slik at det blir damp, og lukk døra med ein gong.
  11. Steik brøda i 50-60 min, til det er ein hol lyd når du bankar på brødet frå undersida.
  12. Avkjøl på rist, og nyt ferskt heimebaka brød!
grovt brød

Brøda kan fint frysast. Eg deler dei i to og frys dei pakka i brødposar. Så er det berre å la dei tine på kjøkkenbenken over natta.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.