Fiskekakesmørbrød med karamellisert løk

fiskekaker med løkEtter å ha lagt ut bilete av fiskekaker med karamellisert løk, var det mange som ville vite korleis eg laga det. Her får du dermed både fiskekakene (med vårløk denne gongen) og den karamelliserte løken. Brødet eg brukte er linka til under her, men du kan sjølvsagt bruke det brødet du vil. Finfin lunsj eller lett middag, og ekstra digg om du har laga fiskekakene på førehand og berre treng å varme dei frå frysaren.

fiskekakerTil 8-10 fiskekaker treng du:

  • omlag 500 g fiskefilet (eg brukte halvt om halvt med hyse og sei)
  • 1 ss potetmjøl
  • 1 ts salt
  • litt peppar
  • 2-3 dl mjølk
  • 1 vårløk
  • litt smør til steiking

Karamellisert løk:

  • 1/2 løk
  • 1 ts sukker
  • 2 ss vatn
  • 1 ss smør

fiskekaker karamellisert løkSlik gjer du:

Fiskekaker:

  1. Del den kalde fisken i store terningar og kjør den i ei matmølle (foodprosessor) til det er ei ganske jamn masse.
  2. Ha i potetmjøl, salt, peppar, hakka vårløk og litt av mjølka. Kjør vidare.
  3. Spe med mjølka og kjør mølla til du har ei jamn og fin masse.
  4. Varm smør i ei panne og form små kaker som du legg i panna. Steik på middels-høg varme, slik at fiskekakene blir bruna og får god smak.
  5. Snu og steik på andre sida.

Karamellisert løk:

  1. Del løken i heile eller halve ringar.
  2. Smelt smøret i ei steikepanne og steik løken på middels-høg varme til den begynn å bli brun i kantane.
  3. Strø over sukker og ha i vatnet.
  4. Rør rundt og steik vidare til vatnet har fordampa.

Server brødskive med smør/majones, grønn salat, fiskekaker og karamellisert løk.

fiskekaker med karamellisert løkTIPS: fiskekakene kan gjerne «halvsteikast», slik at dei ikkje er gjennomsteikt i midten, og leggast over i ei eldfast form. Då kan du gjennomsteike alle fiskekakene i steikeomnen på 200 grader i omlag ti minutt før servering.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.