Sjokoladeknutar
I denne heimen er alle gutane, både voksne og barn, over middels glad i kanelsnurrar og det er vel ikkje noko som gjer dei gladare enn å få servert akkurat det anten heime eller ute på tur. Men ein gong i blant kjem det ønskjer om å få noko anna, slik som denne gongen då det var minstemann som ville ha sjokoladefyll i staden for kanel og sukker. Og sidan mor er over gjennomsnittet glad i sjokolade var jo det eit enkelt ønske å oppfylle.
Eg viser deg to ulike måtar å knyte eller snurre herligheitene på bileta under, og håper du blir inspirert til å bake noko godt!
Til omlag 16 sjokoladeknutar treng du:
- 1 kg kveitemjøl
- 5 dl H-mjølk (37 grader)
- 150 g sukker
- 1 ts salt
- 1 ts kardemomme
- 1 egg
- 1 pk tørrgjær
- 150 g smør i terningar
Fyll:
- 100 g mørk sjokolade
- 1 egg til pensling
Slik gjer du:
- Ha alle ingrediensane, unnateke smøret og 100 g kveitemjøl, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
- Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
- Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
- Knekk sjokoladen i bitar og smelt den over vassbad.
- Ha deiga på bordet, og bruk så mykje av det resterande mjølet du treng for å få deiga til å vere akkurat passe «ikkje klissete». Eg likar å ha den litt klissete og så heller ha ein del mjøl på bordet.
- Kjevle deiga til eit stort rektangel.
- Smør uttover smelta sjokolade på halve deiga.
- Brett deiga ein gong og del opp i 1-2 cm tjukke strimlar.
- Tvinn strimlane og snurr/knyt dei før du legg dei på eit bakepapirkledd steikebrett.
- Dekk til og la etterheve medan omnen varmar seg opp.
- Set steikeomnen på 200 grader. Pensle med egg og strø eventuelt perlesukker på. Steik i 15-17 min.
- Avkjøl på rist.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.