Vegetarlasagne med omnsbakte rotgrønsaker og fetaost
Denne vegetarlasagnen har eg hatt i bakhovudet lenge, og den passar perfekt å lage no når det er så mykje gode rotgrønsaker i sesong! Omnsbakte rotgrønsaker er så søtt og godt, og perfekt tilhøyr til det meste spør du meg. I denne retten er det i tillegg ein nydeleg tomatsaus med gode italienske smakar og herleg fetaost. Det berre må bli digg det, og det blei det.
Eg veddar på at du ikkje merkar at denne lasagnen manglar kjøt, her er det så mykje godt i eit herleg lagvis samspel. Kjenner du likevel at du må ha kjøt i, så tilset du berre omlag 400 g steikt kjøttdeig i tomatsausen.
Denne retten er også ein av dei som det er genialt å lage dobbel porsjon av. Arbeidet blir omlag like mykje, og du har ein ferdig rett liggande i frysaren til ein dag du treng middag i ei fei. Eller du kan servere det samme to dagar på rad, lasagne smakar gjerne betre dagen etter!
Ingen grunn til å ikkje finne fram det du treng og gå i gong med andre ord!
Til 4-5 personar treng du:
- 1 løk
- 3 fedd kvitløk
- 1/2 raud chili
- 2 ss frisk oregano
- 1 ts tørka basilikum
- 2 ss hakka soltørka tomat
- 400 g hakka tomat (gjerne på kartong)
- 6-8 lasagneplater
- 1 squash
- 1-2 vårløk
- 3 gulrot
- 1 pastinakk
- 2 beter
- 1/2 sellerirot
- 2-3 ss olivenolje
- ca 2 dl creme fraiche
- 200 g fetaost
- reven ost på toppen
Slik gjer du:
- Set omnen på 200 grader over og undervarme.
- Skrell og del gulrot, pastinakk, betene og sellerirota i terningar og finhakk 2 fedd kvitløk. Ha over i eit eldfast fat og ringle over olivenolje. Steik i omnen i omlag 30 min (medan du klargjer resten).
- Lag tomatsausen ved å dele løk i terningar og finhakke kvitløk og chili. La dette surre i ei gryte med 1 ss olivenolje til løken er blank. Ha i hakka tomat og soltørka tomat. Krydre med basilikum, oregano, salt og peppar og la småkoke.
- Del squash i terningar og vårløk i bitar.
- Ta rotgrønsakene ut av omnen og monter lasagnen. Legg lagvis rotgrønsaker, squash og vårløk, tomatsaus, lasagneplater og fetaost i to lag. Avslutt med creme fraiche og reven ost.
- Steik midt i omnen i omlag 30 minutt. La lasagnen avkjøle seg i omlag ti minutt før du serverer.
- Velbekomme!
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.