
Spicy svinewok
Wok er verkeleg kvardagsmat. Raskt, enkelt og godt. Og så bøttevis med grønsaker innkludert! Det kan vel alle like?
I denne versjonen har eg brukt svinefilet, som er skjært i tynne skiver, ofte slik ein får svin servert i Asia. Då smakar det absolutt best synest eg!
Du kan sjølvsagt nytte dei grønsakene du har i kjøleskapet, dette er ein rett som gjerne kan varierast og vere med på å tømme kjøleskapet for restar.
Til 3-4 personar treng du:
- 300 g svinefilet
- 1/2-1 squash
- 1/2 raud paprika
- 1/2 grøn paprika
- 1/2 gul paprika
- 1 vårløk
- 1 gulrot
- 10-12 sukkererter
- litt olje til steiking (t.d. kokos- eller solsikkeolje)
Woksaus:
- 3 ss soyasaus
- 2 ss oystersaus
- 1/2-1 raud chili
- 1 tommelfinger-stor ingefærrot
- salt og peppar
Slik gjer du:
- Om du skal servere ris til, set du den til kok først. (1 del ris og 2 delar vatn + ei klype salt).
- Finhakk ingefær og chili og rør saman woksausen.
- Del opp grønsakene i bitar og skjær kjøtet i tynne skiver. Ha alt klart før du startar wokinga.
- Varm opp litt olje i ei høg steikepanne eller ei wokpanne.
- Fres kjøtet til det er gjennomsteikt, hell over halvparten av sausen medan du steiker. Ha kjøtet over på ein tallerken og set til side.
- Ha litt ny olje i panna og ha i grønsakene. Tenk at dei såvidt skal bli varme, ikkje gjennomsteikte -då blir dei soggy, vi vil ha dei krispe.
- Når grønsakene har blitt varme har du kjøtet tilbake i panna og blandar inn resten av sausen.
- Då er det berre å rope: MIDDAAAG!;)

Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.