Marokkansk lammegryte med quinoa
Marokkanske smakar med koriander, kanel og spisskummen er spanande smakar som ikkje blir for «heitt» for nordiske ganar. Nydeleg god, og kanskje enno betre dagen etter -så denne kan du fint lage dagen før.
Eg serverer gryta med quinoa, men her kan du fritt velje om du til dømes vil bruke couscous eller ris i staden.
Til 3-4 personar treng du:
- 2 ss olje eller ghee til steiking
- 450 g lammekjøttdeig (eller vanleg kjøttdeig)
- 2 løk
- 1 fedd kvitløk
- 1 ts finhakka frisk ingefær
- 2 ts kanel
- 1 ss spisskummen/cumin
- 1 ss tørka koriander
- 400 g hakka tomat på boks
- 1 ss tomatpuré
- 1 ss sukker (gjerne kokossukker)
- Safta frå 1/2 sitron
- salt og peppar
- 2-3 ss pinjekjerner
- 1 neve friske urter (feks mynte/bladpersille)
Quinoa:
- 1 stor kopp quinoa
- 2 store koppar vatn
- 1 klype salt
Slik gjer du:
- Varm 1ss olje/ghee i ei gryte som toler steikeomn, og brun lammekjøttet. Steik på middels-høg varme, og la kjøtet ligge litt i gryta før du rører på det slik at det blir litt karamellisert og får ekstra god smak. Ha kjøtet over på ein tallerken og set til side.
- Del løk i terningar, finhakk kvitløk og ingefær.
- Ha resten av oljen i gryta og fres løk, kvitløk og ingefær til løken er blank.
- Ha i kryddera og la dei frese med i 1-2 min.
- Ha over hakka tomat, tomatpuré, sukker og sitronsaft.
- Kok opp, ha i lammekjøttet, og la småputre i 10-15 min.
- Ha pinjekjernene i ei tørr steikepanne på relativt høg varme, og rist dei til dei frå ein gyllen farge.
- Finhakk urter og servér på toppen saman med pinjekjernene.
Quinoa:
- Skyll quinoaen i eit dørslag til det sluttar å skumme.
- Ha quinoa, vatn og salt i ei gryte og kok opp.
- La småkoke under lokk i ca 15 min, til dei har opna seg og du ser ein liten «hale» på frøa.
- Ta av lokket siste minutta, slik at dei får dampe seg heilt tørre.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.