Grilla laks med spicy mango
Eg fekk nyleg ein flunkande fersk vill-laks frå ein ivrig laksefiskar-svoger! Sånt er jo fantastisk kjekt for ein hobby-matbloggar som meg, og gjer det ekstra stas å lage middag. Ved hjelp av YouTube fekk eg filetert fisken, og var strålande nøgd med eigen innsats. Det er ikkje mange år sidan eg knapt turde å ta i ein fisk, men no går det leikande lett -og eg gler meg over framgongen vi har hatt på mange områder når det gjeld mat her i heimen!
Laksen blei sirleg filetert og delt i fleire stykker, som fekk gå i frysaren til middagar utover hausten. Men eitt stykke måtte vi berre ha med ein gong, og det fekk selskap av ein av mine favorittar til laks -nemleg mango, i ein litt spicy variant! Laks og mango er ein fantastisk kombinasjon, som berre må prøvast!
Til 3-4 personar treng du:
- 400-500 g laks (gjerne vill-laks om du er så heldig)
- 1/2 sitron
- litt dill (kan sløyfast)
- salt og peppar
- 1 mango
- 1 pakke ruccola
Spicy saus:
- Safta frå 1/2 sitron
- 1/2 raud chili
- 1 ss god olivenolje
- 2 ss fiskesaus (fish sauce)
Slik gjer du:
- Legg fisken på dobbel aluminiumsfolie, med skinnet ned, og krydre med salt, peppar og eventuelt dill. Del opp nokre sitronskiver og legg over.
- Grill på inndirekte varme, med lokk på grillen til fiskekjøtet flakar seg.
- Rør saman sitronsaft, olivenolje og fiskesaus. Ha i finhakka chili og smak til med litt salt og peppar om det trengst.
- Vask, skyl og tørk ruccolaen.
- Del mangoen i bitar.
- Servér ruccola, laks, mango og den spicy sausen straks laksen er ferdig grilla.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.