Søtpotetpizza med tacokjøttdeig og asparges
Søtpotet er og blir genial, og kan (som potetnamnet skulle tilseie) brukast til det meste. Vi har stort sett alltid ei eller fleire søtpotet liggande i kjøleskapet, og difor er det ein finfin ingrediens å nytte når ein treng å bruke opp andre restar. Som i denne retten, der vi hadde tacokjøttdeig liggande frå kvelden før, asparges som måtte bli brukt fortast råd og lysta på å ete pizza var stor. Løysinga var sjølvsagt søtpotetpizza med taco og asparges! Har du anna fyll liggande, eller har lyst på noko anna kan du sjølvsagt toppe pizzabotnen med det!
I denne versjonen har eg nytta eplecidereddik som blir omtala som den «magiske ingrediensen» i fleire amerikanske oppskrifter. Eg har ikkje heilt skjønt kva det er den gjer, men sidan eg hadde det i kjøleskapet prøvde vi det i, og pizzaen blei veldig god den! Har du ikkje det, kan du nytte eit egg i staden, eller skippe det.
Til 1 pizza treng du:
- 1 stor søtpotet (ca 400 g)
- ca 50 g havregryn (eller ferdig malt havremjøl)
- 1/2 ts salt
- 1 ts basilikum
- 1 ss eplecidereddik (eller 1 egg)
Topping:
- 200 g tacokjøttdeig
- 8 asparges
- 1 neve ost
- Ruccola
Slik gjer du:
- Skrell søtpoteten, del den i terningar og kok den til den blir mør, ca 15 min.
- Mal havregrynet til mjøl i ei matmølle (eller bruk ferdig havremjøl).
- Hell av kokevatnet på søtpotetene og mos med ein potetstappar/visp til du har potetstappe.
- Rør inn havremjøl, salt, basilikum og eplecidereddik.
- Smør potetmosen jamnt uttover eit bakepapir og steik pizzabotnen på 200 grader til den har tørka ut og nesten er brent i kanten, ca 15-20 min. Gjerne på varm pizzastein.
- Ta ut pizzabotnen, ha på fyllet og set tilbake i omnen. Steik til osten har smelta og fyllet har blitt varmt, 5-10 min.
- Server med ruccola på toppen.
Håper pizzaen fell i smak!:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.