Fiskeburger med smak av Asia

asiatisk fiskeburger

Fiskekaker er ein av mine favorittmåtar å ete fisk på. Det kan jo ikkje bli feil, du kan bruke nesten kva fisk som helst og det smakar digg. I denne versjonen er det asiatiske smakar av ingefær, sitrongras og tilbehøyr av sweet chili saus som får dominere og det blir ein spanande versjon absolutt inspirert av vårt år i Asia.

fiskeburger med smak av asia

Til 8-10 fiskeburgerar treng du:

Fiskekaker:

  • ca 500 g kvit fisk
  • 1/2 løk
  • 1 vårløk
  • 1 ts finhakka ingefærrot
  • 1 stilk sitrongras (eller skalet frå 1 sitron)
  • 1 ss potetmjøl
  • 2-3 dl mjølk
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts peppar

Tilhøyr:

  • salat
  • 1-2 gulrot
  • 1 liten agurk
  • sweet chili saus
  • limebåtar

Hamburgerbrød:

  • 2 dl mjølk
  • 1,5 dl vatn
  • 500 g kveitemjøl
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 1 ss sukker
  • 1 ts salt
  • 1 egg
  • 50 smør
  • 1 samanvispa egg + sesamfrø på toppen
asia burger fisk

Slik gjer du:

Hamburgerbrød:

  1. Varm mjølka og vatnet til det er fingervarmt. Ha det saman med resten av ingrediensane i ein bolle -med unnatak av smøret.
  2. Elt med eltekrok i 5-10 min på sakte-middels fart til deiga er samla. Ha i smøret delt i terningar, og la maskina elte vidare til du har ei jamn deig.
  3. Legg eit lokk/tallerken over og la heve i ca 1 time.
  4. Del opp i 8 emner og trill runde bollar. Trykk dei litt flate og la etterheve under klede i 20-30 min.
  5. Pensel med samanvispa egg og strø over sesamfrø.
  6. Steik på 200 grader i ca 15-20 min. Følg med, din omn kan oppføre seg annleis enn min;)
  7. Avkjøl på rist.
fiskeburgerfoodprosessor

Fiskekaker:

  1. Finhakk løk, vårløk, ingefær og den kvite delen av sitrongraset.
  2. Del fisken i terningar og kjør alle ingrediensane i ei matmølle (foodprosessor) til det er ei jamn masse.
  3. Form runde fiskekaker i henda og steik 2-3 min på kvar side i ei varm steikepanne.
  4. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  5. Legg fiskekakene over i ei eldfast form etter at dei er litt steikte på kvar side. Set til slutt forma i omnen og la fiskekakene steike ferdige der, det te 8-10 min.

Servér hamburgerbrød og fiskekaker med gulrot i strimlar, agurk i skiver, salat, lime og sweet chili saus på. Hamburgerbrøda kan du gjerne lage på førehand, del dei i to og la dei bli varme i omnen saman med fiskekakene rett før servering.

asiatisk smak

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.