Sjokoladeblome med pistasjenøtter

sjokoladeblome Etter å ha fått dreisen på Kanelblome måtte eg teste ein variant til med sjokoladefyll i staden. Nutella ser ut til å vere den store hiten på internettet, men eg valde å nytte rein sjokolade i staden, med stort hell. Det har vel aldri lukta meir som eit italiensk bakeri her enn då denne herlegheita stod i omnen, fantastisk godt med andre ord! Legg eit bakepapir over etter at du har steikt blomen i ti minutt, så unngår du at den blir alt for mørk. Og treng du steg for steg bileter for korleis du skal brette denne finn du det her i Kanelblome-oppskrifta. Du treng:

  • 1 kg kveitemjøl
  • 5 dl H-mjølk (37 grader)
  • 150 g sukker
  • 1 ts salt
  • 1 ts kardemomme
  • 1 egg
  • 1 pk tørrgjær
  • 150 g smør i terningar

Fyll og topping:

  • 200 g mørk kokesjokolade (gjerne 60-70%)
  • 25 g smør
  • 1 egg
  • 1 neve pistasjenøtter (kan sløyfast)
nutellablomst sjokoladeblomst

sjokoladeblome Slik gjer du:

  1. Ha alle ingrediensane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
  2. Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
  3. Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
  4. Del sjokoladen i bitar og smelt den i ein bolle over vassbad saman med smøret.
  5. Del deiga i fire. Kjevle den første til ein pizzabotn og legg på eit bakepapir. (Du kan ikkje flytte blomen etter at den er ferdig..!)
  6. Smør uttover 1/3 av sjokoladen.
  7. Gjer det same med dei to neste deigemna, og avslutt med å legge den siste på toppen.
  8. Del opp i 16 strimlar ut frå midten og  tvinn to og to strimlar frå kvarandre rundt heile blomen (sjå bilete i Kanelblome-oppskrifta)
  9. Legg eit kjøkkenhåndkle over og la etterheve i ca 15 min. Set steikeomnen på 180 grader.
  10. Pensle med egg og strø hakka pistasjenøtter over (eller ha pistasjenøttene over rett før servering.)
  11. Steik i ca 30 min, til blomen er gyllen på undersida (løft forsiktig for å sjå).
  12. Avkjøl på rist.
hveteblomst sjokolade og pistasje

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.