Sjokoladeblome med pistasjenøtter
Etter å ha fått dreisen på Kanelblome måtte eg teste ein variant til med sjokoladefyll i staden. Nutella ser ut til å vere den store hiten på internettet, men eg valde å nytte rein sjokolade i staden, med stort hell. Det har vel aldri lukta meir som eit italiensk bakeri her enn då denne herlegheita stod i omnen, fantastisk godt med andre ord! Legg eit bakepapir over etter at du har steikt blomen i ti minutt, så unngår du at den blir alt for mørk. Og treng du steg for steg bileter for korleis du skal brette denne finn du det her i Kanelblome-oppskrifta. Du treng:
- 1 kg kveitemjøl
- 5 dl H-mjølk (37 grader)
- 150 g sukker
- 1 ts salt
- 1 ts kardemomme
- 1 egg
- 1 pk tørrgjær
- 150 g smør i terningar
Fyll og topping:
- 200 g mørk kokesjokolade (gjerne 60-70%)
- 25 g smør
- 1 egg
- 1 neve pistasjenøtter (kan sløyfast)
Slik gjer du:
- Ha alle ingrediensane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
- Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
- Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
- Del sjokoladen i bitar og smelt den i ein bolle over vassbad saman med smøret.
- Del deiga i fire. Kjevle den første til ein pizzabotn og legg på eit bakepapir. (Du kan ikkje flytte blomen etter at den er ferdig..!)
- Smør uttover 1/3 av sjokoladen.
- Gjer det same med dei to neste deigemna, og avslutt med å legge den siste på toppen.
- Del opp i 16 strimlar ut frå midten og tvinn to og to strimlar frå kvarandre rundt heile blomen (sjå bilete i Kanelblome-oppskrifta)
- Legg eit kjøkkenhåndkle over og la etterheve i ca 15 min. Set steikeomnen på 180 grader.
- Pensle med egg og strø hakka pistasjenøtter over (eller ha pistasjenøttene over rett før servering.)
- Steik i ca 30 min, til blomen er gyllen på undersida (løft forsiktig for å sjå).
- Avkjøl på rist.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.