Kyllingsuppe med fennikel, eple og sitrongras

kyllingsuppe med fennikel, eple og sitrongras

Denne suppa fann eg inspirasjon til gjennom instagram og fine Anja bak Myntans Kitchen. Eg har laga min eigen versjon, med kylling og litt anna snacks som var i kjøleskapet, men med bruk av same basicoppskrifta og samme kryddera. Du kan sjølvsagt lage denne suppa vegetarisk om du vil.

Resultatet blei ei nydeleg og frisk suppe med herleg gurkemeie som absolutt har blitt eit nytt favorittkrydder. I tillegg fekk eg tak i sitrongras som fekk vere med å koke. Har du ikkje det for hand kan du ha i safta frå ein halv sitron eller det gule skalet frå ein sitron i staden.

fennikel og eple suppe

Til 3-4 personar treng du:

  • 1 fennikel
  • 1-2 eple
  • 400 g kyllingkjøt
  • 2-3 vårløk
  • 3 stenger stangselleri
  • 1 fedd kvitløk
  • 1 ts gurkemeie
  • 1 ts salt (havsalt eller himmalayasalt)
  • 1/2 ts peppar
  • ca 8 dl kraft (eller buljong + vatn)
  • 1 dl kokosmjølk
  • 1 sitrongras (eller bytt ut; les øvst)
  • 1 ss olje til steiking
Kyllingsuppe med gurkemeie

Slik gjer du:

  1. Vask og del fennikel og eple i terningar, vårløk i skiver og stangseller i store skiver på skrå. Finhakk kvitløk og del kyllingkjøtet i bitar.
  2. Fres grønsakene i olje i 2-3 minutt. Ha i gurkemeie, salt og peppar og fres i 1-2 minutt til.
  3. Fjern det grøne på sitrongraset og bank hardt med baksida av ein kniv for å knuse det litt.
  4. Ha i kraft og sitrongras og kok opp.
  5. La småkoke til grønsakene er møre, det tek 5-7 minutt, ha i kyllingkjøtet siste minutta slik at det blir varmt/gjennomkokt.
  6. Rør inn kokosmjølka til slutt og server med det same.
  7. Pynt med det grøne frå fennikelen.
kyllingsuppe

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.