Rødbetgryte

rødbetgryteDette er ei nydeleg gryte med ein fantastisk farge. Rødbetane fargar alt i gryta og gir ein søt og god smak.

Du kan lage gryta med større bitar av kjøt eller bruke kjøttdeig, og gryta er fin-fin å varme opp dagen etter (eller fryse ned for ein rask middag ved eit seinare høve).

rødbet chili

Til 4 personar treng du:

  • 1 ss olje (eg brukte kokosolje)
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 pastinakk
  • 2-3 gulrot
  • 1 liten rødbet (eller 1/2 stor)
  • 1 ts løkpulver
  • 1/2 ts salt (himmalaya eller sea salt)
  • 1/2 ts kvitløkspulver
  • 1/2 ts kanel
  • 400-500 g storfekjøt
  • ca 1 liter kraft (eller buljongterning + vatn)
  • frisk persille på toppen
aip gryte

Slik gjer du:

  1. Del løk, gulrot og pastinakk i mindre bitar. Finhakk kvitløk.
  2. Skrell og rasp rødbeten.
  3. Del kjøtet i bitar.
  4. Steik kjøtet i olje til det er godt bruna (men ikkje brent) på alle sider. Legg til sides.
  5. Fres løken til den blir blank.
  6. Ha i kvitløk, gulrot, pastinakk og rødbet. Ha over alt krydderet og la frese i 2-3 minutt.
  7. Ha over krafta, kok opp og ha i kjøtet igjen.
  8. La småkoke til grønsakene er gjennomkokt og til kjøtet er mørt. (Det avheng av kva kjøt du har brukt, og kan ta alt frå 10 min til 3 timar. Ofte er det slik at dess billegare grytekjøt dess lenger tid -utan at det er noko ulempe. Prøv deg fram!)
  9. Server gryta med frisk persille på toppen.
rødbetchili

Inspirasjon til denne gryta har eg henta her.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.