Kylling på boks
Heilsteikt kylling er enkel og god mat, og gir deg mykje beinrestar som du kan koke nydeleg kraft på. Kylling på boks er ein artig vri, der du trer kyllingen på ei ølboks og let øl med krydder i bli dampa opp i kyllingen. Det luktar himmelsk i heile huset, og gir deg nydeleg saftig kylling. Eg steiker alltid to i slengen, og dersom vi ikkje er mange nok til å ete begge blir restane delt i bitar og lagt i kjøleskapet. Då kan du enkelt lage kyllingsalat til lunsj dagen etter!
Denne gongen serverte eg med to av mine nye favorittar; steikt søtpotet og avokadressing. Nydeleg!
Til 3-4 personar treng du:
Kyllingen:
- 1 heil kylling (gjerne økologisk)
- 1 lita boks øl
- 1 ts rosmarin
- salt og peppar
Søtpotet:
- 2-3 søtpoteter
- 2 ss olje (extra virgin kokosolje)
- litt salt og peppar
- 1/2 ts muskatnøtt
Avokadodressing:
- 2 avokado
- 1 fedd kvitløk
- 200 ml kokosmjølk
- safta frå 1/2 sitron
- 1/2 ts rosmarin
- 1/2 ts basilikum
- salt og peppar
Slik gjer du:
Kyllingen:
- Set omnen på 160 grader over- og undervarme.
- Skyl kyllingen godt på innsida og utsida og tørk den med kjøkkenpapir.
- Tøm ølboksa over i eit glas, skjær toppen av boksa og hell ølen tilbake. Ha i rosmarin.
- Gni kyllingen godt inn med salt og peppar og tre den forsiktig over ølboksa.
- Set kyllingen på nederste rille i omnen og la steike i ca 1 time og 15 min.
- Sjekk at kyllingen er ferdigsteikt ved å stikke ein skarp kniv inn i det tjukkaste kjøttstykket. Ren det klar saft ut er den ferdig.
- La avkjøle i 10-15 min før du løftar den av boksa.
Søtpotet:
- Skrell og del søtpotetene i terningar.
- Varm oljen i ei kasserolle eller steikepanne med lokk.
- Ha i søtpotetene og la steike under lokk i 7-10 min. Rør av og til.
- Krydre med salt, peppar og muskatnøtt. La steike utan lokk i 2-3 minutt.
Avokadodressing:
- Del avokadoane i to, fjern steinane og skrap ut kjøttet.
- Mos avokadokjøttet med ein gaffel og bland i 1 fedd pressa (eller finhakka) kvitløk.
- Rør inn kokosmjølka med ein visp.
- Ha i krydder og sitronsaft og bland godt.
Server kyllingen med søtpotet og avokadodressing til. Håper det fell i smak!
PS. Avokadodressingen held seg fint i kjøleskåp (med lokk) i ei lita veke.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.