![](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/01/20150114-dsc_0025-e1502133751556-1000x620.jpg)
Krema squash med røykalaks og fennikel
![krema squash med røykalaks og fennikel](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/01/20150114-dsc_0031-1024x680.jpg)
Dette er ein knallgod variant av denne retten, berre at her nyttar du squash i staden for pasta. Då får du i deg enno fleire grønsaker den dagen, og du treng i tillegg ikkje tenke på glutenfrie alternativ til dei som ikkje toler pasta. Nydeleg anissmak av fennikelen og herleg «slurpe i seg middagen-konsistens» laga på 15-20 min. Dette må du prøve:)
Krema squash med røykalaks og fennikel
Til 2-3 personar treng du:
- 1 fennikel
- 1/2-1 rødløk
- 3 dl crème fraîche
- 2 squash
- 200 g røykalaks
- 100 g grøne erter (gjerne frosne)
- salt og peppar
- Fennikelkvastane og ein skvis sitron (kan sløyfast)
![squash pasta](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/01/20150114-dsc_0024-1024x680.jpg)
Slik gjer du:
- Del rødløk og fennikel i terningar og fres i ei panne til løken er blank.
- Ha over crème fraîche, krydre med salt og peppar og la dette småkoke i ca ti min.
- Skyll av ertene og ha dei i siste minutta slik at dei blir gjennomvarme.
- Bruk eit juliennejarn eller eit rivjarn og lag strimlar av squashen.
- Bland squash med sausen og ha over strimla røykalaks.
- Bruk kvastane øvst på fennikelen som krydderurter og ha over ein skvis sitron.
- Servér:)
![krema pasta](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/01/20150114-dsc_0019-1024x680.jpg)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.