Krema pasta med røykalaks og fennikel
Denne retten er laga i ei fei, og smakar veldig godt! Oppskrifta er innspirert av ein rett med same namn i Ole Martin Alfsen si nye bok «Hverdagsmat», men er ikkje identisk. «Man tager hva man haver» er den gyldne regelen som blir kjekkare og kjekkare å nytte seg av dess tryggare eg blir på kjøkkenet. Ingenting er som å prøve og feile på kjøkkenet, det er verkeleg måten å lære på! Så kva ventar du på?;)
Til 2-3 personar treng du:
- 1 fennikel
- 1/2-1 rødløk
- 3 dl crème fraîche
- ca. 400 g pasta
- 200 g røykalaks
- 100 g grøne erter (gjerne frosne)
- salt og peppar
- Friske urter og ein skvis sitron (kan sløyfast)
Slik gjer du:
- Kok pasta.
- Del rødløk og fennikel i terningar og fres i ei panne til løken er blank.
- Ha over crème fraîche, krydre med salt og peppar og la dette småkoke medan pastaen kokar ferdig.
- Skyll av ertene og ha dei i siste minutta slik at dei blir gjennomvarme.
- Legg opp pasta, saus og strimla røykalaks. Ha over friske urter (eller bruk kvastane øvst på fennikelen) og ein skvis sitron.
- Voilá! Super-kjapp middag som smakar digg!
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.