Kvardagsvaflar

hverdagsvafler

Kvardagsvaflar er litt sunnare vaflar som du kan ete i staden for brødskiver når brødboksen er tom eller du har lyst på noko ekstra godt til frukost eller kveldsmat. Desse passar fint å ha med i matboksen óg, og kan serverast med det du måtte like av pålegg.

Mitt forslag er rykande varme med syltetøy på, eller avkjølte i matboksen dagen etter med eit salatblad, ost og skinke. Har du ein favoritt må du gjerne legge igjen eit hint i kommentarfeltet under:)

sunn vaffel

Kvardagsvaflar

Til 8-10 vaffelplater treng du:

  • 1,5 dl kveitemjøl
  • 1,5 dl sammalt kveite (både grov og fin funkar)
  • 1,5 dl havregryn
  • 1/2 ts salt
  • 1 ts bakepulver
  • 4 dl mjølk
  • 2 egg
  • 2 ss smelta smør
sunne vaflar

Slik gjer du:

  1. Ha alt det tørre i ein bolle.
  2. Spe med litt og litt av mjølka og rør med ein visp slik at du får ei røre utan klumpar.
  3. Visp egga lett saman med ein gaffel og ha dei i røra.
  4. Bland til slutt inn smelta smør.
  5. La røra svelle i 15 min før du steiker vaflene i vaffeljarn.
  6. Avkjøl vaflene på rist, og oppbevar resten av røra i kjøleskap om du ikkje får brukt alt med ein gong.
Kvardagsvaflar

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.