Thai pad

thai padThai pad er nudlar, kylling og grønsaker med smak av Thailand. Skikkeleg kosemat som er lett å like og ete. I denne versjonen har eg nytta squash i staden for nudlar, men du må gjerne koke nudlar og ha det i om det freistar meir. Alt er lov;)

I retten har eg og nytta “tamarind paste” som finnast på alle daglegvarebutikkar her i Kuala Lumpur, men sikkert er litt vanskelegare å oppdrive i Norge. Men eg vil tru at ein Asia-butikk har det i sitt standard sortiment. Sving innom ein slik butikk og gå i gong!

Til to porsjonar treng du:

  • 1 ss tamarind paste
  • 75 ml vatn
  • 2 ss soyasaus (evt. coconut aminos)
  • 1 ss fish sauce
  • 2 ss kokossukker/palmesukker eller brunt sukker
  • 1 ss eplecider eddik (evt. eplejuice)
  • 1 ss kokosolje (evt. solsikkeolje)
  • 1 vårløk
  • 1 gulrot
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 egg
  • 200 g kylling
  • 1 squash (eller 1 pk nudlar)
  • 100 g bønnespirar
  • 100 g rå cashewnøtter
  • 1/2-1 ts red chili flakes
  • 1 lime
pad thai

Slik gjer du:

  1. Bland tamarind paste, soyasaus, vatn, fish sauce, sukker og eddik. Set til side.
  2. Rist cashewnøttene i ei tørr steikepanne til dei har fått litt farge. Nøttene kan gjerne hakkast opp.
  3. Rasp gulrot, hakk vårløk, finhakk kvitløk og del opp kyllingen i bitar.
  4. Lag squashnudlar ved å bruke ein spiralizer (står på ønskelista mi!), eit juliennejarn eller eit rivjarn. (Eller kok nudlar om du heller vil bruke det).
  5. Varm litt olje i ein wok og ha i vårløk, gulrot og kvitløk. La frese nokre få minutt medan du rører.
  6. Visp saman egga og hell røra over grønsakene i wokpanna. La stå litt før du rører og lagar eggerøre. Ha over på ein tallerken og set til side.
  7. Wok kyllingen.
  8. Ha tilbake grønsaken i woken.
  9. Ha i squash, bønner, nøtter og sausblandinga.
  10. Krydre med chili og servér med limebåtar til.
20141204-DSC_0034

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.