Eltefritt brød med quinoa

quinoabrød

«Superfrøet» quinoa får du kjøpt i velassorterte butikkar eller på helsekost og er eit svært godt alternativ å servere til middagen i staden for ris sidan det inneheld mykje protein, kalsium og mineralar. Dette vil eg gjerne at kidsa skal få i seg, men dessverre er ris framleis favoritten. Difor er eg snar å blande inn quinoarestane frå middagen i brøddeiga til dagen etter. Med «berre» kveitemjøl i tillegg blir dette eit lyst og fint brød som går ned på høgkant, utan at dei let seg merke av at dei får i seg quinoa i same slengen. Vinn-vinn med andre ord 🙂

Eltefritt brød med quinoa

Til eitt brød treng du:

  • 250 g kokt quinoa
  • 450 g kveitemjøl
  • 1ts salt
  • 1ts tørrgjær
  • 1ss honning (kan sløyfast)
  • 4 dl lunka vatn
eltefritt brød med quinoa

Slik gjer du:

  1. Set bakebollen på vekta, null ut og mål opp direkte i bakebollen. Rør inn vatnet til deiga akkurat heng saman, set på lokk og la heve over natta.
  2. Brett deiga nokre gongar over kvarandre i bakebollen. (Her rører eg av og til inn litt meir mjøl om deiga er alt for rennande. Det avheng av kor tørr/fuktig quinoaen eg brukte dagen før var).
  3. Hell/skrap/velt deiga over i ei bakepapirkledd brødform. Dekk med plast eller eit klede og la etterheve i 20-30 min.
  4. Steik på nederste rist i 45-50 min på 200 grader. Brødet er ferdig når du høyrer ein hol lyd når du bankar på det frå undersida.
  5. Avkjøl på rist.
Eltefritt brød med quinoa

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.