Lussekattar

lucia

Nydelege lussekattar med herleg smak av kardemomme og farge frå safran. I år er det første gong eg har brukt safran, vi har gjerne laga lussekattar utan farge eller erstatta det med gurkemeie. Men i år blei det altså innkjøp av verdas dyraste krydder, og eg var rimeleg skuffa då eg skulle betale…! Det gjorde ikkje store innhogget i lommeboka, men så var kanskje ikkje mengden eg kjøpte heller så stor. Om du vel å handle dyrt krydder eller ei er opp til deg, her får du i allefall oppskrifta på nydeleg gjærbakst:

lussekatt

Lussekattar

Til 20-25 lussekattar treng du:

  • 1 kg kveitemjøl
  • 5 dl H-mjølk (37 grader)
  • 150 g sukker
  • 1 ts salt
  • 1 ts kardemomme
  • 1 egg
  • 1 pk tørrgjær
  • 150 g smør i terningar
  • 10-15 safrantrådar (kan sløyfast eller erstattast med 1/2 ts gurkemeie)

Pynt:

  • ein neve rosiner
  • 1 egg til pensling
verdens dyreste krydder safran

Slik gjer du:

  1. Ha safrantrådane i ein morter saman med saltet og støyt til det er blitt småbitar.
  2. Varm opp mjølka og rør inn safran og saltblandinga, slik at du får ei vaniljekremfarga mjølk.
  3. Ha alle ingrediensane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
  4. Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
  5. Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
  6. Del opp i passe emner og form lussekattar. Pynt med rosiner.
  7. La etterheve under klede medan omnen varmar seg opp.
  8. Pensel med samanvispa egg.
  9. Steik i 15-17 min på 200 grader over- og undervarme. (Følg med, det tek kanskje kortare med din omn enn med min!)
  10. Avkjøl på rist.
Lussekattar

TIPS: Oppbevar i  frysaren og la dei tine på kjøkkenbenken natt til luciadagen. Set dei inn i steikeomnen i 2-3 minutt på 150 grader varmluft og server nydelege lussekattar til frukost.

schankenda lussekatt

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!