
Lussekattar

Nydelege lussekattar med herleg smak av kardemomme og farge frå safran. I år er det første gong eg har brukt safran, vi har gjerne laga lussekattar utan farge eller erstatta det med gurkemeie. Men i år blei det altså innkjøp av verdas dyraste krydder, og eg var rimeleg skuffa då eg skulle betale…! Det gjorde ikkje store innhogget i lommeboka, men så var kanskje ikkje mengden eg kjøpte heller så stor. Om du vel å handle dyrt krydder eller ei er opp til deg, her får du i allefall oppskrifta på nydeleg gjærbakst:

Lussekattar
Til 20-25 lussekattar treng du:
- 1 kg kveitemjøl
- 5 dl H-mjølk (37 grader)
- 150 g sukker
- 1 ts salt
- 1 ts kardemomme
- 1 egg
- 1 pk tørrgjær
- 150 g smør i terningar
- 10-15 safrantrådar (kan sløyfast eller erstattast med 1/2 ts gurkemeie)
Pynt:
- ein neve rosiner
- 1 egg til pensling


Slik gjer du:
- Ha safrantrådane i ein morter saman med saltet og støyt til det er blitt småbitar.
- Varm opp mjølka og rør inn safran og saltblandinga, slik at du får ei vaniljekremfarga mjølk.
- Ha alle ingrediensane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
- Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
- Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
- Del opp i passe emner og form lussekattar. Pynt med rosiner.
- La etterheve under klede medan omnen varmar seg opp.
- Pensel med samanvispa egg.
- Steik i 15-17 min på 200 grader over- og undervarme. (Følg med, det tek kanskje kortare med din omn enn med min!)
- Avkjøl på rist.

TIPS: Oppbevar i frysaren og la dei tine på kjøkkenbenken natt til luciadagen. Set dei inn i steikeomnen i 2-3 minutt på 150 grader varmluft og server nydelege lussekattar til frukost.

Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.